|
Det er med stor sorg i hertet at eg fortell her at vi mista Anemone i går. Ho hadde langt komt aggresiv type kreft rundt urinlederen, og det utan at vi har skjønt at ho hadde det vondt. Søndag blei ho dårlig og vi såg det an til neste dag. Eg ringde dyrlegen mandags kveld då eg skjønte at dette var meir enn "noke ho hadde fått i seg", og vi skulle få kome dagen etter. Då vi kom dit var ho veldig dårlig og ho hadde full nyresvikt. Det beste vi kunne gjere for ho sa dei var å la ho få sleppe. Det var eit sjokk og heilt uventa. Ja ho hadde kanskje vorte litt roligare dei siste par månadane men vi tenkte at no har ho begynt å bli gammal ho også..... men ho blei berre litt over 9 år. Lisje prinsessa, mi stoltheit og snillaste jente. Så søt og som ho levde opp til navnet sitt til det siste: Anemone - den skjønne datter av vinden. Kystcavalierens første datter, min skatt. Du vil alltid vere med meg i minnet. No får du møte Bonnie igjen og springe i skogen slik dokke elska. Du har fortsatt to brødre og 8 barn. Takk for alt du var for oss, kvil i fred mi lisje dokke. Bilder frå det siste året med Anemone vår.
0 Comments
Gratulerer med 9 års dagen Anemone, Amarantus-Tassen og Aster ( Sofus)!!
Dagen blei feira med en fotosession i drivhuset, ein gåtur og noke ekstra godt til kvelds ;) Anemone er fortsatt frisk og rask utan eit einaste grått hår, og vi håper vi får mange fleire år med denne snille og søte jenta vår. Tenk at det er 8 år sidan første kull her i Kystcavalieren og at denne nydelige jenta vår blei født. Gratulerer også til brødrene Tassen og Sofus, håper dokke får ein tipp topp dag :)
Tenk så heldige desse to her var da som blei så beste venner og livskamerater. Tassen hadde mista sine to eldre forbilder Noah og Eros berre månader tidligare så han var både lei seg og pjusk. Så kom nyheita om at Hazze-Anton måtte ha ein ny heim. Første prøvemøtet mellom dei to karane var først med skepsis ... men så skjedde det noke på vegen. Eit vennskap blei født og Anton flytta til Isfjorden.
To kompiser som i dag er uadskillelige venner som leiker, et og koser seg i lag. Godt var det at dei no har vore to då matfar brått blei åleine. Kvil i fred mi navnesøster og gode venninne. Vi møtast nok igjen.... i mellomtida tek vi vare på oss sjølve og dei som er igjen <3
Hasse (snart 2 år) har skifta navn til Anton og flytta til Isfjorden til onkel Tassen (straks 7 år). Dei har funne tonen og leiker og tisser på turer om kapp dagen lang. Tassen spring etter ballen og Anton springer etter Tassen. Begge leiker seg godt i lag og no har dei også sove godt side om side.. Ein lykkelig slutt på historien om Hasse som desverre pga helse måtte finne ein ny heim. Bedre kan ein gut vel ikkje få det <3
Kystcavalierens Anemone har bursdag i dag og i kveld blir det fest! Den første vindens datter Anemone er vakrere enn noken sinne tross sin uregjerlige pels, hihi. Vi helser alle til dei to brødrene Tassen i Isford og Sofus på Fiskå, og gir dei ein skikkelig bursdagsklem! Helser spesielt til Tassen som for tida savner sårt sine to eldre venner som han vaks opp saman med.... tenker på deg Tassen, matmor og matfar <3 Edit: Seinare på kvelden blei det både gytjekake med godis og ballong etter pizzafest i hagen med margbein til dessert. Det varte ut i dei små timer og til slutt flata bursdagsbarnet rett ut. Fekk ein filmsnutt av Sofus kosegutt på 5 år. Sjå kor han har vokst seg til ein staselig kar. Lik sine søsken Tassen og Anemone :*
Vi feirer med en liten søt videosnutt frå fem år tilbake i tid <3 Som dei fleste no har fått med seg så tapte Norsk Kennel Klub, Bulldogklubben, Norsk Cavalierklubb og dei 6 beste oppdretterane i tingretten denne veka. Det har komt som eit sjokk på oss alle.
No skal det altså ikkje vere lov å avle på cavalier i norge men det er ikkje forbudt å eige ein cavalier. Redselen er no at dei som avler utanfor registrete former og helseregler no kan styre på som dei vil. Importere kan du....så smuglere og kvalpefabrikker gnir seg sikkert i hendene for cavalierer kan vi ikkje leve uten! Dommen har kun tatt hensyn til Dyrebeskyttelsens fagvitner, og ikkje nok med det, dei har valgt å tolke dyrevernslova vår paragraf 25 heilt annaleis enn styresmakter og mattilsyndet hittil har gjort. Det er heilomveltande! Dyrebeskyttelsen vil nemlig ta mange raser :( DB meiner det ikkje er bra nok med dei avlsretningslinjene som bl.a klubben vår har hatt. Sjekker ein klubbens regler no så er dei strengast i verda på hjerte, som er største helseutfordringa rasen har. Men dei er ikkje fornøgd med måten det er handtert ein nevrologisk sjukdom på (SM). Dette har noke med at det er vanskelig nedarving på denne og forskarane er ikkje ein gong einig i kva som er rett. Uansettt om vi hadde starta flerie helseprosjekt er dei no ikkje fornøgd sei dei og går no på fleire raser med andre helseutfordringer. Eg og Kystcavalierjentene kan ikkje anna enn å jobbe enda hardare for helse og sunnheit og håpe vi kan bidra med meir av det gode. Cavalier er ein unik rase med eit aldeles herlig gemytt. Det er viktig for menneskehelse også ha ha dei rundt oss. Dei er vår lykkepille og dei er så viktig for oss. Dei gir oss oppmuntring og ubetinga kjærleik! Dei er glad i alle og elsker å dra oss på tur like godt som å ligge å kose i sofaen med oss. Cavalierer er den perfekte helsearbeiderhund, terapihund! Du finn ikkje bedre hund for å trene andre hunder til å vere glad i småhunder då dei er fredselskande og vil berre vere lykkelige :) VI vil jobbe for at vi får fortsette det gode arbeidet som NKK og NCk har gjort for denne rasen dei siste åra. JA TIL REGISTRERT HUNDEAVL! Signer et opprop! Juhu!! Eg har fått tilbud om å sende mine C-kull-kvalpekjøpere på kurs hos Emma i HunOmHund! Da får dokke alle ein mail med meg straks om å begynne mandag! Håper alle vil for dette kurset er knallbra! Alle andre som har kjøpt hund hos oss tidligare får kurset veldig billig - berre send meg ein mail om dokke vil også! Edit: Føler eg har fått verdens beste kvalpekjøpere for her tok det 3 timer så var alle med på kurs! Eg er heldig! :)))
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
juni 2026
Framheva sider:
|






























































RSS-feed