I dette grundige kurset har eg sidan mars i år lært meg om kroppen til hunden.
Hundens anatomi, fra valp til voksen, utstyr, eksteriør, gangarter og mønstring, hundens øvrige helse, bevegelsestrenning, palpalsjon, avansert treningslære, skadeforebygging, ulike terapiformer, streching, massage og rehabilitering, tilbake etter skade. Prøve etter kvar modul og heimelekser med filming av hund. Artig :)
0 Comments
VI har allerede hatt besøk av kvalpekjøpere og VI ØNSKER BESØK av dei så ofte som oss alle sammen får det til!
Eg ønsker at dokke som får kvalp hos oss får følge kvalpen si utvikling, bli kjendt med den og få mest mulig informasjon frå oss. Sjølvsagt er det nokre som bur langt unda og då er denne bloggen fin å ha :) Kva er gjort i cavalierklubben dei siste par åra med tanke på å forbedre helsa til cavalieren?28/3/2019 Litt om dei største utfordringane først:
Hjertesjukdom (MVD): Det er 8 ganger større sjangse for at ein cavalier dør av denne hjertesjukdommen enn andre raser, ref Agriastatistikk. Men dei fleste cavalierer dør med denne, ikkje av den sjølv om 50 % får den i mild grad før dei når 6-7 år. Syringomyelia (SM): Ca 2 % av cavalierer er affisert og har symptomer på SM. Ca 70 % er scanna med funn av SM, men uten symptomer. altså merker ingen ting av det. Ca 98 % er scanna med funn av CM, hjerneform (lillehjerna pressa sammen) som kan henge sammen med SM. Dette gjeld også i meir eller mindre grader andre små hunderaser også som griffon, chihuaua, pomeranian osv. altså ingen cavaliersjukdom. Scanning kan gjerast to stader i norge der det koster mindre enn ca 8000 kr så dette er en stor kostnad. Hunden må ha full narkose og det er ein omfattande undersøkelse i MRI maskin. Så lenge en ikkje er sikker på om dette er måten å hindre SM på så er ikkje dette eit krav i klubben. SM har ei avansert og enno ukjent nedarving. Scanning over mange år i bl.a Nederland og Danmark har ikkje gitt det gode resultatet enn hadde forventa. Når det er sagt er scanninger viktig for at vi skal finne ut av sjukdommen. Patellaluksasjon( (PL) og hoftedysplasi (HD): Alle avlsdyr må sjekkast for PL (enkel undersøkelse). HD (narkoseundersøkelse) er ikkje så utbredt i rasen, ca 2 prosent. Augesjukdommer (Katarakt o.l): Alle avsldyr må augelysast så dei alvorlige sjukdommane blir luka ut. Kan enkelt gjerast hos dyrlege. Curly Coat Syndrome og Episodic Falling: Alle avlsdyr skal vere gentesta. P.g.a. en enkel gentest er dette no nesten utrydda, men det fins berarar av genet som fortsatt kan brukast i avl då dei ikkje gir sjuke avkom (resessiv nedarving). Avlskrav i klubben: Avlsdebut er økt til 3 år. Det vil sei at foreldre til avlsdyr er 6 år eller meir. Jo eldre hundane er jo meir fanger en opp det at dyr kan vere råka av hjerte og SM som er utviklingssjukdommer. Dette er den strengaste avlsalderdebut av andre lands klubber! Oppdrettere på klubbens oppdretterliste må delta på minst 1 kurs annakvart år. Det blir avholdt 1-2 kurs og oppdretterseminar i året til opplysning og debatt. Alle oppdrettere bør (må om dei skal stå på klubbens oppdretterliste) sende inn skjema på hunder som skal i avl og vere godkjent i.h.t ein hjertematrise. Det er avsrådet utnevnt av styret som kontrollerer at alle opplysninger er rette. Det må signerast på at avlsdyr er symptomfrie på SM og vere fysisk friske i tillegg til pålagte tester (som beskrevet ovanfor). Frå tidligare er hjerteattest og patellaattest som sjølvsagt må vere fri, det er uendra. Men nytt frå 1.1.2020 er at det er kun godkjente veterinærer av NKK som kan utføre hjerteundersøkelser og det skal inn i DogWeb. Anna styrearbeid: Styret har hatt eit stort arbeid med å sette i gang fjorårets årsmøtevedtak, dei nye avlsreglane. Dei har eit samarbeid med dei andre Nordiske landa der dei har møttest for å dele erfaringer og sette vegen vidare. Styrerepresentanter har deltatt på eit møte i England (moderlandet til CKCS) med den Engelske Cavalierklubben der det har vore diskutert helseutfordringer, utavl med anna rase o.l. RAS er blitt til og skal reviderast i 2019. Ja det er vanskelig å la vere sånne fristelser på nett... Eg har altså meldt meg på eit kurs som går på nett over eit års tid. Det er "ELITE Hundeeiger" hos Nordisk Neste- og Hundeterapiskole med 9 moduler og masse ekstra nerde-godis. No kan eg kose meg i eit år framover med mykje god lære om korleis hundens kropp fungerer og det å trene/forebygge skade mm.
I tillegg går eg (mitt fjerde; AB2) kurs hos Emma Garlandt i "Hun om Hund". Emma er adferdsbiolog og tek for seg adferden til hunden -Vitenskapelig basert hundekunnskap. Her går vi heilt i dybda på dei biologiske fenomena som styrer adferd(følelser, sanser, gener, evolusjon/seleksjon, nervesystemer osv) - Etologi. ELITE går meir på det med korleis resten av kroppen fungerer. Så da tenker eg at eg har litt å gjere framover :) Denne helga har mor kursa seg igjen. Ja en kan no ikkje gå glipp av det når Turid Buvik frå Trondheim Hundeskole har komt til Sunnmøre Hundeklubb for å lære oss meir om hundeadferd!
Og gjett kem som stakk av med Ona-sjokolade-og-kaffebrenneriet-premien for beste kommentar på kurset.....hihi...nomnom :))) Og påskestrikket veks i takt med hjernecellene... :) I dag har alle tre tøttene fått hjerteattest -uten anmerkning sjølvsagt ;)
Attestane er også sendt inn til klubbens helseliste kvart år, som ordentlige cavalierer skal ;) Ally og Bonnie fekk den årlige vaksina si også. Anemone må vente litt til for dette er ca ein gong i året. Det gjer at vi kan komme på treff og utstilling og sleppe å vere redd for kennelhoste og lignande ulumskheiter :) No desse dager med diskusjoner om etisk hundeavl så mistenker eg at det er litt forvirring over kva ein cavalier er? Eg har jo lenge tenkt at eg skulle blogge om forskjellen på ein cavalier og ein king så her er den altså: Cavalier King Charles Spaniel vs. King Charles Spaniel
|
Clare Rusbridge i England har sammen med Susan Knowler oppdatert ei info-spørsmål- og svar-side om Canine Chiari-Like Malformation(CM) og Syringomyelia(SM). For den som er litt meir enn middels interessert så er det verdt å lese. Dansk Cavalierklubb har konstantert etter eit sunnhetsforedrag med Professor Paul Mandigers fra Nederland nylig at det er mulig å avle seg ut av problemet med SM. "Det er HÅB for rasen!!". |
Meir tør eg nesten ikkje ha meining om akkurat no for her er det mykje som fortsatt er uvisst. Ein gentest kan vi iallefall sjå langt etter fordi det er så multipolygenetisk(mange faktorer som speler inn).
Det er dog ting ein kan vere sikker på og det er at for å påvise om ein hund har SM så må det ligge ein MR-scan til grunn. Symptoma er ikkje nok for det kan vere alt frå allergi og ryggvondt til PSOM berre for å nemne noken få grunner. Og...her er viktig at det blir scanna slik at ein kan lære meir!
Ein annan ting er at det ikkje er berre ein cavaliersjukdom. Fleire kortsnuta raser(brachycephalisme) kan stri med dette; cavalier-blandinger, griffon bruxellois, affenpinsher, chihuahua, yorkshire terrier, maltese, boston terriers, fransk bulldog, pug, pomeranian og brachycephaliske katter.
Personlig kjenner eg enda ikkje noken med hund med SM men eg har hørt om eit par tilfeller blandt felles kjendte. Ei unødig opplysning kanskje...men vi må ikkje gløyme at det er hjerte til cavalieren som er den største utfordringa (MVD). Der trur eg også vi er på god veg til å avle oss ut av det med seleksjon, men det tek nok si tid.
Dette er tredje kurset eg går med Emma i år og eg anbefaler kursa hennar på det sterkaste!! Sjå HER
Det må vere noken som bur ikkje så alt for langt frå oss slik at vi kan halde god kontakt, passe ho her, ta ho ev med på utstilling osv. Ho må vere godt vand med oss for det er her ho eventuelt skal ha sine kull, då må ho bu her i ca 2 månader (eventuelt delvis). Du kan lese meir om det å vere forvert det her.
Er dette noke du kunne tenke deg så følg med om det blir kvalper her til jul ;)
Anemone hadde friske og fine auge og alt var heilt topp bortsett frå eitt augehår på kvart auge som var feilstilt. Så fanns det ein liten einslig liten ufarlig fold, ingen fare altså berre ho når den tid kjem får ein kavalierherremann fri for slikt. Så då ligg friattesten på auge i DogWeb :)
Så til dagens herligste nyheiter:
Bonnie sitt kne er friskmeldt! Hadde eg vore litt framsynt så hadde eg hatt med papirer frå klubben med meg og fått ein attest på det men pytt, det kan eg gjere seinere. No veit eg iallefall med sikkerheit at problemet med kneet som Bonnie hadde i vinter ikkje er noke arvligt og ho kanskje også ein dag kan bli mamma! :))))))
I vinter så skada nemlig Bonnie kneet sitt. Ho har i DogWeb-attest fri før dette skjedde. Patellautglidning er og at det er vanlig i små raser og det er at patella(kneskåla) ikkje sitt skikkelig i ei djup grop der den skal vere og den kan gli ut. Dette er/kan vere vondt for hunden alt etter kva sterk grad. Det kan også vere at haldinga er feil/skeiv og det går til slutt ut over kneet. Vi var på glattisen og eg mistenker at ho sklei forkjært på isen og skada kneet. Patella viste seg å vere litt laus og ho fekk ein betennelse i muskelen over kneet som gjekk over med medisin etter kvart. Vi trena etter råd frå kiropraktor og ho fekk betre haldning og blei betennelsefri. No har vi ikkje merka noke på ei god stund og etter sjekken hos dyrelegen så blei ho heilt friskmeldt. Dyrlegen kjende på patella og dei begge satt fast og fint der dei skal. |
Så var det diskusjoner og oppretters time samt status frå styre og avlsråd. Det er gjort mykje godt arbeid dei siste par åra og eg gler meg på vegne av alle cavalierer og eigere, og håper og trur på at godt oppdretterarbeid vil bere frukter dei neste åra framover.
Unni skriv...
...litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren
Kategorier:
All
Agility & Rally
A Kullet
B Kullet
Cavapoo...
Drektigheit
Fly Med Hund
Fødsel
Heimesideting
Helse Og Avl
Hjertesjukdom
Hundegodt
Hundespråk
Hundeutstyr
Instagram
Kvalper
Kvardagslykke
Løpetid
NCk
Paring
Pelsstell
Reverse Sneezing
Syringomyelia
Telttur
Treff
Ut På Tur
Utstilling
Arkiv:
December 2019
November 2019
October 2019
September 2019
August 2019
July 2019
June 2019
May 2019
April 2019
March 2019
February 2019
January 2019
December 2018
November 2018
October 2018
September 2018
August 2018
July 2018
June 2018
May 2018
April 2018
March 2018
February 2018
January 2018
December 2017
November 2017
October 2017
September 2017
August 2017
July 2017
June 2017
May 2017
April 2017
March 2017
February 2017
January 2017
December 2016
November 2016
October 2016
September 2016
August 2016
July 2016
June 2016
May 2016
April 2016
March 2016
February 2016
January 2016
December 2015
November 2015
October 2015
September 2015
August 2015
July 2015
June 2015
May 2015
April 2015