Då er vi på veg til Sola flyplass! Ally er klar som et egg viser progresterontest frå i går tidlig på 28 m/mnol. Det stig dobbelt for kvar dag så no er ho på sikkert 60. Perfekt å parre seg på det :) Pondus venter i andre enden så no håpet vi på full klaff! :) Oppdatering 31.oktober: Paringa var full klaff, vi håper no på teikn etter ca 5 veker vil vi kanskje skjøne om noke er på gang :)
4 Comments
Endelig kom Bonnie heim til oss :)
Reisa gjekk strålandes! Ho tissa og bæsja på Gardermoen....hihi....leika med søster Lotta....og sov seg gjennom heile flyturen i bagen under setet. Ally fekk småsjokk av dette lisje nøstet som kom så seint på kvelden. Ho peip av ivrig nysgjerrigheit og snuste på søstsaken. Men når snusinga var over så ignorerer ho Bonnie litt...ja en kan jo ikkje vise seg for ivrig...hehe. Dagen etterpå så syns ho dette vesle vesenet var litt innpåslitent så ho sa i fra om det. Men no er dei allereie i gang med litt forsiktig leik. Bonnie er heilt eksemplarisk...ho søv, et og leiker seg. Ut å tisse går som ein draum (ja bortsett frå når mamsen gløymer seg litt da...). I dag har vi vore på ein gåtur ute der Bonnie sitt i genseren og Ally i band. Litt kaldt ute så sjølv om ho vil ut av genseren så er den god å ha. No koser vi oss glugg i hel med masse kos og leik :) Tusen takk Ellen på Kennel Cemilie for denne vakre snille søte lisje skapningen <3 I helga fekk Ally prøve å flyge! Vi skaffa ein billig flygebag på Ebay for lenge sida som vi har vendt ho til. I veka før så tok vi ho med i bil der ho var i buret nede på golvet mellom beina mine. Litt godbit og ho la seg fint til rette.
Før ein skal ut å flyge må ein sjekke med flyselskapet kva som er godkjent. Det kan variere. Men hos både SAS og Norwgian sa dei til meg då eg ringde at så lenge bagen er stor nok til hunden og den ikkje er større enn måla. Dvs den må kunne pressast litt sammen slik at den passer måla og under setet. Og den må vere under 8 kg med hund.
Eg var ganske så nervøs for korleis dette skulle gå...så vi fekk skyss til flyplassen i tilfelle Ally måtte bli heime. Heilt ubegrunna sjølvsagt :) Ingen hverken sa eller gjorde noke som var skummelt. Buret vart sendt i scanneren og Ally gjekk med meg i detektoren. Alt gjekk flott og vi fekk berre gode blikk frå medpassasjerer og flyplasspersonell :) Ally er jo så søt ....nesten FOR søt....når 10 fremmede på ei kort stund vil så gjerne helse på ho så kan det bli litt mykje! Eg er då ikkje så lite stolt men vi går ofte fort forbi og sett oss i ei krå. Buret var fint å ha, ho kraup gjerne inn heilt frivillig å la seg. Då vi skulle boarde flyet så låg ho klar i bagen og eg bar ho ombord. Ein flytur på 40 min er ikkje lengre enn at ho låg der under heile turen. Sidan ho då hadde trent på det så var det heilt ok. Då flyet tok av så såg ho brått opp på meg...kva er dette mor??? Ho møtte blikket mitt og eg kneip sammen augene mange gonger....då veit ho at her er det berre rolig og fint og ho la seg rett ned og sov. Då vi landa litt hardt så gjentok ho samme prosedyre...og eg møtte blikke hennar på same måte...ok mams, her er det visst berre å slappe av ;) Bilder frå turen: (Klikk på dei for å gjere dei større og bla med piltastane) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|