Juhu!! Eg har fått tilbud om å sende mine C-kull-kvalpekjøpere på kurs hos Emma i HunOmHund! Da får dokke alle ein mail med meg straks om å begynne mandag! Håper alle vil for dette kurset er knallbra! Alle andre som har kjøpt hund hos oss tidligare får kurset veldig billig - berre send meg ein mail om dokke vil også! Edit: Føler eg har fått verdens beste kvalpekjøpere for her tok det 3 timer så var alle med på kurs! Eg er heldig! :)))
Då var siste del av kurset unnagjort og vi er såre fornøgd med det :)
Hvis du er lei deg for å ha gått glipp av det så fortvil ikkje - du kan vere med i Facebookgruppa vår og sjå kurset om igjen (men ikkje live) så mange gonger du vil. Eg har bestemt at dette kurset blir liggande i allefall til sommaren, men medlemskapet i gruppa gjeld så lenge du vil vere der. :) Pris no er kr 100, sjå her. Og framleis mulig å vere med oss! ;) Måtte berre nevne det :P
HER Vi har ei FB-gruppe med evig medlemskap og tilgang til alle versjoner av kurset. Der kan man dele erfaringer og kose seg så mykje ein vil :) Det ser ut til at det er interesse for fleire onlinekurs for tida. Ja då er ikkje eg sein å be, det blir nytt onlinekurs her som starter fredag den 24.april :)
Puuuhhhh :D Gurimalla kor kjekt å halde kurs igjen! Litt historie: Frå 1998 til 2010 reiste eg rundt i heile norge for å halde kurs i si tid. Den gongen var det trollkurs :) I 2006 hadde eg eige opplegg onlinekurs med eiga sjølvlaga heimeside, det var lidenskapen den tida ;) No i kveld har eg haldt mitt første onlinekurs for kvalpekjøpere og andre! Det var soooo kjekt! Og no når eg har lest tilbakemeldinger frå mange så blei eg heilt varm i hjartet av glede <3 Det blei ikkje perfekt, men som eg håpa kom eg meg bra igjennom det eg ville formidle. Kjempegøy! Whohoooooo!!! D Neste fredag vil eg starte del 1 av 3 episoder online kvalpekurs som eg har snekra i hop til mine kvalpekjøpere.
Hvis du ønsker deg, venter eller har fått deg kvalp så kan eg love deg at du har lyst å få med deg dette! Og det kan du :) Berre meld deg på HER og bli med! No i desse koronavirustider har eg bestemt meg for å ta ein testomgang på eit (online) kvalpekurs eg har snekra i hop dei siste månadane. Eg tenker å gi mine kvalpekjøpere dette kurset då eg synes det er viktig å komme ut med informasjon om dei nyaste metodane for hundehald. Og ikkje minst for at mine kvalper får dei beste og mest oppdaterte matforeldre som finst i heile verda :) Har du lyst å vere med på mine første prøve-forelesninger? Det er sjølvsagt med tanke på cavalierkvalper men kan passe for alle med alle typer kvalper. Eg tenker i første omgang på at det kan vere 3 forelesninger/kvleder der dokke kan høyre meg live og sjå plansjer eg viser. Det kan vare kanskje i 20-30 min alt etter tilbakemeldinger/spørsmål eg får. Deltakarane vil få ein link med meg på mail og kan delta med spørsmål undervegs. Høyres dette ut som det kan vere noke for deg? Har du kvalp frå oss er dette kurset gratis for deg og dine. Har du eller venter du på ein kvalp i framtida så er dette kurset også for deg men du må betale meg litt, 100kr ;) Eg vil starte når det blir nokre påmeldte og prøve å få det så det passer dei som vil vere med. Kurset vil ligge online i eit par veker så du får det med deg sjølv om du skulle vere opptatt ein eller fleire av kveldane. Fyll ut skjemaet her hvis du er interessert: |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|