Av og til må ein jo ha eit litt filosofisk/vitenskapelig innlegg på ein blogg også.…så her er mitt bidrag ein kald januarkveld.
Kan vi berre fortsette å lage flottare, mindre/større og raskare hunder for alltid? Nope… fortsetter det i samme duren går vi tom for genetisk variasjon, men selektiv avl kan sjølvsagt forbetre dei fleste eigenskapar som blir nedarva polygenetisk (ein arveform der fleire sett med arveanlegg bestemmer utforminga av ein eigenskap). Så hvis en da er oppdretter og er ute etter visse kvaliteter (størrelse, temperament, arbeidsevne, pels, ørelengde, snutelengde, skuldervinkling eller intelligens –lista er lang) så kan en gå glipp av «gode gener». For eksempel: det blei ikkje avla på ein hund fordi den hadde for korte ører….men den levde lenge og hadde jernhelse og alle andre gode egenskaper til stades. Det vi ser med det blotte auge er ikkje alt. Det ein kan oppfatte er det beste(fenotypen) er jo berre det man ser og ikkje genene. Akk den som kunne få tatt ein gentest for alt...men dit kjem vi aldri (i vår tid). Når man velger ut så velger ein kombinasjonen av gener og miljø som laga det ein oppfatter å vere best. Men kanskje hadde den som du synes såg bra ut eit uheldig miljø å vekse opp i? Her er mange fallgroper å dette i for å miste gode gener. Vi må passe oss for å velge berre dei "beste" hundane (eller drive innavl/linjeavl) for då opprettheld oss ikkje ein stor nok genpol (alle dyr ein kan avle på med sine gener og alleler). Då vil vi til slutt innsnevre genpolen og redusere antal dyr vi har å avle på og det vil då dessverre også gå ut over vår evne til å forbetre kvalitetane(utsjånad/ helse osb.). Ved også av og til avle på «mindre perfekte» kan vi hindre innsnevring. Det siste vi vil er nemlig å sitte på for liten genpol for det går ikkje an å avle seg ut av helseproblem utan å ha genetisk variasjon nok. Så... i mellomtida at eg driv med litt sjølvstudium…venter eg spent på å få gå på oppdretterseminar i NCk i haust for å bli betre på dette med avl og oppdrett :) Kilder: https://www.instituteofcaninebiology.org/blog/archives/01-2019 I dag dukka sola opp også...såååå deilig med litt dagslys og litt snø. Ekstra koselig er det når mamsen har med seg ei venninne på skogstur.
Klem frå klatremusene Det må eg berre lage eit lite innlegg om fordi eg syns det er så viktig. Halsband kan skade nakken ved rykk og napp av hund eller eier. Det kan vere direkte livsfarlig for små kvalper som leiker seg i feks fleksiband eller langline som er umulig å ha kontroll på. Tenk deg ein bråstopp i fullt galopp :O Vi anbefaler sele for både kvalper og vaksne. Det er ei myte at hunden dreg meir i halsband enn sele. Det er berre å google litt så finn ein mange argumenter. Feks her. Er du framleis ikkje overbevist så gå eit par turer med halsband på deg sjølv og sjå kva du syns. Husk berre å ta av selen inne :)
PS! Sjølvsagt kan halsband brukast, men med forsiktigheit på vaksne hunder som ikkje dreg i bandet. Får du ikkje trent hunden til å gå pent kan du jo prøve ein slik anti-dra sele med festet framme på brystet. ...og nei vi er ikkje sponsa av Huntersele desverre..... ;)
Etter å ha lest både ditt og datt så forstår eg litt meir men også litt mindre. Dette med arveganen til SM er veldig komplisert... Men eg har tru på at det å avle på eldre symptomfrie hunder er vegen å gå uansett scanning eller ei.
Meir tør eg nesten ikkje ha meining om akkurat no for her er det mykje som fortsatt er uvisst. Ein gentest kan vi iallefall sjå langt etter fordi det er så multipolygenetisk(mange faktorer som speler inn). Det er dog ting ein kan vere sikker på og det er at for å påvise om ein hund har SM så må det ligge ein MR-scan til grunn. Symptoma er ikkje nok for det kan vere alt frå allergi og ryggvondt til PSOM berre for å nemne noken få grunner. Og...her er viktig at det blir scanna slik at ein kan lære meir! Ein annan ting er at det ikkje er berre ein cavaliersjukdom. Fleire kortsnuta raser(brachycephalisme) kan stri med dette; cavalier-blandinger, griffon bruxellois, affenpinsher, chihuahua, yorkshire terrier, maltese, boston terriers, fransk bulldog, pug, pomeranian og brachycephaliske katter. Personlig kjenner eg enda ikkje noken med hund med SM men eg har hørt om eit par tilfeller blandt felles kjendte. Ei unødig opplysning kanskje...men vi må ikkje gløyme at det er hjerte til cavalieren som er den største utfordringa (MVD). Der trur eg også vi er på god veg til å avle oss ut av det med seleksjon, men det tek nok si tid. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|