Då er vi på veg til Sola flyplass! Ally er klar som et egg viser progresterontest frå i går tidlig på 28 m/mnol. Det stig dobbelt for kvar dag så no er ho på sikkert 60. Perfekt å parre seg på det :) Pondus venter i andre enden så no håpet vi på full klaff! :) Oppdatering 31.oktober: Paringa var full klaff, vi håper no på teikn etter ca 5 veker vil vi kanskje skjøne om noke er på gang :)
4 Comments
I helga har eg vore på oppdretterseminar arrangert av Norsk Cavalierklubb. Det var eit veldig bra seminar med foredrag av kardiolog Liva Vatne om siste nytt innan hjerte; sjukdom og forskning. Det var foredrag av veterinær Malene A Osufsen om tannhelse -gjett om eg kom heim og pussa ekstra godt tennene til mine søte små !! Så var det diskusjoner og oppretters time samt status frå styre og avlsråd. Det er gjort mykje godt arbeid dei siste par åra og eg gler meg på vegne av alle cavalierer og eigere, og håper og trur på at godt oppdretterarbeid vil bere frukter dei neste åra framover. Tusen takk for eit kjekt seminar å få vere med på!
DÅ er løpetida endelig i gang og vi forventer at det skal vere parring innan månaden oktober er omme :)
Bjeffer hunden din?
Tenker du at det kan vere lurt å kjøpe bjeffehalsband? (sitron,lyd,vibrasjon, ikkje strøm for det er jo no forbudt i Norge...) Ver så snill å tenk deg om! Det kan sjølvsagt høres ut som ein god ide og produktet er utrulig nok tilgjengelig i butikken… MEN: det fjerner (hvis det i heile tatt virker på din hund) kun SYMPTOM og ikkje GRUNN! Resultatet blir då ein undertrykt følelse av frustrasjon som ikkje blir fjerna (du kan sikkert klare å tenke deg DEN følelsen! ) I tillegg kan ein få uønska REAKSJONER som: …angst…. …sinne… …frustrasjon… …fortvilelse… …redsel… ...ubehag... ...gnagsår... …einsomheit… …rastlausheit… …auka stress… ...forvirring... ...panikk... …allergisjokk… ...engstelse... …slank lommebok… …time hos adferdsspesialst for å fikse nye og større problem... And the list can go on and on. So, please don’t! Framleis i tvil? Testet og forkastet! (Hundetrener Nina Haaland sin fantastiske blogg med mange tips): http://hundetreningifokus.blogspot.com/2016/03/bjeffehalsband-testet-og-forkastet.html TV2 hjelper deg har testet: https://www.tv2.no/a/8093369/ Mattilsynet henviser til lover (Hunden skal ikke med hensikt påføres frykt, skade eller unødige påkjenninger eller belastninger under trening jf. § 26 ) : https://www.mattilsynet.no/dyr_og_dyrehold/kjaledyr_og_konkurransedyr/hund/trening_av_hund__hva_er_lov.16447 Kva kan du gjere då?
Sorry –no quick fix :) Hurra for deg BONNIE!
Gratulerer med dine første 2 år!! Bonnie er ei herlig tulle på 8 kilo. Kosete og liker og fjase og lage herlige kosegryntepipelyder som om ho var i stemmeskiftet :P Ho er forsiktig og ettertenksom, men nysgjerrig og full av pågangsmot. Ho bjeffer aldri uten at det virkelig er fare på ferde…som for eksempel ein ballong! Ballonger er det skumlaste ho veit om som kan komme inn i stua. Då kjem villdyret fram, for jakte på den, ja det er klart at ho skal! Når ho leiker seg så blir ho veldig vokal og rare lyder og små høge bjeff kan forekomme. Eg blei nesten sjokkert då ho plutselig begynte å bjeffe ein dag vi vart litt voldsomme i leiken. Ho hadde nemlig vore heilt still så å seie det heile første leveåret :) Bonnie blei «tante» i ein alder av 6 mnd, ei oppgåve ho tok med stort alvor og forsiktigheit. Eg er sikker på at det er Bonnie si fortjeneste at Anemone er så mild i sitt vesen. Dei leiker seg gjerne i lag, favoritten er vel koseleiking i sofaen med open tanngard og artige lyder. Elles er Bonnie eit tenkande sjølvstendig vesen. Ho har ein eigen vilje når det gjeld å gå ut i regnver for kveldens siste tissing i hagen. Då må ho nok lokkast litt kan man sei… Merkelig dette med våte poter altså….for elles så er ikkje ho fremmed for å vasse litt og klaske uti ei våt gjørmemyr. TV-titting er heilt fin aktivitet syns ho, men det må vere noke frå naturen for å fange interessa. Då ser du ho sitt og tenker…ørene går litt opp og litt ned….augene blir litt store og så litt små…skal tru kva ho tenker på. For tenke det gjer ho! Ho er meir sjølvstendig enn dei to andre. Om ho har det godt og deilig i sofaen så treng ikkje ho å sprette opp og følgje med meg når det er noke eg skal. Då har ho det heilt fint der ho ligg og kan godt vere åleine. Men hvis vi skramler med nokre matfat… Ho har enorm appetitt og drøymer stadig om femretters middag ;) Mor har funne nokre rare matskåler slik at matstunda skal vare meir enn i 10 sekund ;) Der leverte eg inn eksamensoppgåvå mi...tvi tvi :)
No har eg gått endå eit kurs med Emma igjen denne hausten. Ein kan trygt sei at en koser seg med innhaldet når ein tek seg i å flire og tenke kor heldig ein er som får lære av den beste! Det er berre ei fryd å sitte å gå gjennom presentasjonane for det går stadig opp nye lys. Kvifor gjer ikkje alle med hund dette?? Det er jo berre sjølve nøkkelen til å få eit godt forhold til hunden sin. Det er eigentlig så logisk og matematisk rett.....tenk at eg har gjort så mykje feil tidligare... Eg husker tida før eg fekk hund.....HAHAHA, det er jo heilt komisk no det ser eg. Vel no koser eg meg skikkelig, det har dokke sikkert skjønt ;) Eg anbefaler HunomHund! Vi var snytheldige! Finver og sommertemperaturer, flex frå jobb og ut på tur :)
Eg, sønn og hundane for avgårde etter jobb på torsdag og parkerte bilen ved Høgsætra i Skodje Kommune. Herifrå kunne mors dårlige kne klare 20-kilos-sekken en slakk bakke oppover lia.. Høgsalen var målet før solnedgang og vi rakk det akkurat! Hundane kosa seg, vi fraus ikkje, lite søvn og bråkete telt i frisk bris, men det gjorde ingenting for soloppgangen var berre heilt fantastisk vakker!! Anemone frå A-kullet er straks 1,5 år og eg måtte ta nokre bilder av søtnosen. Ho er lik mor si berre ein smule mildare i sitt vesen, og vakrare sjølvsagt. Meir kosete vesen fins ikkje det er sikkert. Når ho vil fortelle meg noke så spinn ho rundt seg sjølv og prater med ivrig stemme som ligner på ei lita rar pipeleike, må opplevast :)
For eit par veker sidan tok ho to 1.premieringer i Rally-lydigheit og eg er kjempestolt av ho. Det er ingen tvil at ho er frå mor si, kjempeivrig etter å trene når godbitane kjem dettande. Ho er ei lovande lita tulle på 6 kilo. Hittil har ho fått 4 CK(certkvalitet) -sløyfer. Det skal bli spennande å følge med på kva ho vil finne på å gjere på utstilling og konkurranser framover. ....eg ser at diverse oppførsel kan tyde på at noke er på gang.
Som mange veit så venter vi på løpetida til Ally. Planane er klare! Ally har begynt å bli litt meir masete spesielt på kvelden. Ho har blitt meir kosete....krev liksom kos med eit strengt blikk, brumming og pisker halen i sofaen....KLAPP MEG MOR! Så har vi blikket....under kos så kiker ho meg djupt inn i augene..... Ja den som kunne lest tanker... På turane våre har tissinga blitt hyppigare. Men den tydeligaste tingen er at Anemone reagerer og vil ri (bak fram ingen hindring) på Bonnie. Ja her blir alle påverka :P Og det siste er at Ally også tek meir kontakt; koser og leiker med dei to andre. Men det er altså sikkert enda nokre veker til før det skjer det som skal skje. Eg vil tippe det kan bli slutten på oktober eller begynnelsen på november sjølv om det etter kalenderen skulle vore nuh! I dag regner det katter og HUNDER :P
Då fann eg ut at eg rydder litt her på heimesida.... Så da blei det litt ryddigare på sida mi om min faglige bakgrunn HER. Det må jo bli plass til fleire diplomer...ja for no skal eg straks på siste forelesning i kurset: "Læring – hvordan hunden lærer" med Emma Garlant i "Hun Om Hund" Eg avslutta eit i vår og har allereie meldt meg på det neste ;) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|