Bonnie var rå i dag! 178 poeng og 1.premiering i dag! Aneomone hakk i hel med 171 poeng og 2.premiering. Ho var litt surrete i og med vi venter på løpetida når som helst no og konsentrasjonen er så som så ;) Ally gjorde ein skikkelig komikveld-opplevelse og var rett og slett KUN opptatt av å snuse...haha....ho stakk ut og inn på bana 3 gonger så det var ikkje dagen. Mamsen må kanskje skylde seg sjølv for at luftinga rett før blei alt for kort men skylder litt på at stevnet var på overtid med over 2 timer ;P Kjekkast var no å vere på bobiltur med ei god venninne, Tove! Under her er bilder av fotograf Ole Morten Størseth. Han er så grei at vi fekk bruke desse bilda som vi ville, er ikkje det snilt vel :)))
0 Comments
I dag har vi vore på rallycup i Sunnmøre Hundeklubb.
Bonnie(førsteklasse) tok 2.pallplass med suverene 195 poeng i dag!! Wohoo! Anemone(førstaklasse) hadde ein sitt for mykje og diska... Ally(tredjeklasse) hadde ein repetisjon for mykje og diska.....jo ja....no er vil klare for offentlig stevne på Averøya i helga......elller? Thihii Gøy var det iallefall! Mamsen var til og med meddommer i 2klasse Endelig kom sløyfene for jentene sin flotte innsats i Rally-lydigheit!
Som nr 4 (Anemone!), 7 (Bonnie) og 8 (Ally) er dei av dei beste rallycavalierane i Norsk Cavalierklubb 2018!! Alle tre diska men pytt pytt det gjer ingenting for eg er kjempestolt av alt dei klarer når mor ikkje heilt klarer å surre seg rundt der ho skal :D Ei god venninne filma oss og berre sjå her kor gøy Bonnie har det når vi går rally-lydigheit! Bonnie susa til med ein 4.plass sammenlagt på Sunnmøre Hundeklubb sin Rally-Cup 2019!! (3 cup'er i løpet av året)
Anemone 8.plass og Ally diska første forsøk men så blei ho drektig...no regrets ;) Artig på siste del av årets Rally-CUP!
Anemone tok 5.plass med flotte 183 poeng og dermed 1.premiering! Bonnie gjorde det best igjen med 4.plass, 189 poeng og 1.premiering!! Vi var på Rallycup nr 1 for 2019 i dag :)
Bonnie imponerte mamsen og gjorde det kjempebra med 184 poeng i 1. klasse!! Anemone fekk 165 poeng og var kanskje ikkje heilt i fokus :P Ally som går i vanskelige 3.klasse blei disk...men pytt -det er moro :) Vi kom jo i avisa gitt...hihi. Det eg fekk sagt ... (etter full panikk i mitt indre av å få spørsmål av ein journalist sånn heilt plutselig) ...var igrunn noke som eg syns er veldig viktig!
Det les eg akkurat om også for eg tek endå eit kurs hos HunomHund-Emma; "Adferdsbiologi2". I heimelekse les eg bladet "Tufts Now" at Temlpe Grandin snakker om det at vi gjer hundane våre ei bjørnetjeneste. Ironisk nok ( i dobbel forstand...tok du den?, hehe) når hunden stammer frå ulven så er den alikevel ein eigen rase og ulik. Kort fortalt frå artikkelen: "Mange studier er gjort for å sammenligne ulv og hund. Ulven er opptatt med å løyse problemer mens hunden er opptatt av å få hjelp av oss. Vi har gjort hunden hyper-sosial, og med dagens strenge båndtvang-lover får ikkje hundane lov å vere det. Han meiner at hundande lir under dette og det er årsaken til mange problemer hundane får i samfunnet." Derfor var min beskjed i Sunnmørsposten at: Sunnmøre Hundeklubb sitt område er viktig for samfunnet. Uten ein plass å møtest, leike, trene og sosialisere mister hundane evna til å opptre korrekt i samfunnet ellers! Ein begivenheitsrik dag i dag :)
Vi var på Sunnmøre Hundeklubb sitt sosialiseringstreff i dag etter dyrlegebesøket. Det var kjempekjekt og mange hadde tatt turen. Eg blei til og med intervjua av Sunnmørsposten...hihi. Anemone fekk bli med på litt ringtrening og ro-trening. Bonnie blei med på ro-trening. Ally måtte vente litt så ho fekk bryne seg på litt Rally-lydigheit. Kjempekjekt! Håper at Ålesund kommune gir klubben løyve til å halde til på dette flotte området som er godt egna til mange aktiviteter for hunder og tobeinte og ikkje minst, ligg godt til rette for dei fleste, Wow, alle tre jentene har havna på lista over Mestvinnende Rally-lydighets Cavalierer i Norge!!!
4.plass på lisje Anemone sin debut, 7.plass på Bonnie 8.plass på Ally Juhuu! Dagens skryt :) Tusen takk til Norsk Cavalierklubb for flott sløyfe til ALLY (Atti's Yasmin) 5 år. Ho har er den 5.mestvinnande rallycavalieren i 2017 og for 3.gong på rad :))))
I dag gjekk det mykje bedre for meg og Ally. Artig at det til og med blei på pallen som nr 3 i tredjeklasse, ei kjempestor klasse med mange deltakere! Poengsummen blei ikkje så høg, men pytt, vi er kjempeglad for 3.premiering og gulesløyfa denne gongen :)
Anemone imponerte av småjentene for ho er visst som mor si, veldig "på" i trening og bane. (litt skal man ha igjen for mammadalt-oppførselen :P) Ho tok enda en 1.premiering på 179poeng i førsteklasse. Bonnie er ei meir sjølvstendig tenkande jente og vi fekk ein del trekk for stram linje i det eg måtte hanke ho inn igjen....kremt...;) Men det blei en flott 2.premiering og blå sløyfe med 167 poeng. Etter i helga så er målet no og få rallytittel på begge dei to flinke småjentene mine. Dei kan så definitivt (berre mor klarer å konsentrere seg ;)) !! Anemone tok 4.plass med 1.premie(188p) i sin rally-lydigheit debut i dag. Bonnie hakk i hel med også 1.premie (182p) på 7.plass. Ally klarte eg å diske ...alt var klart...dette skulle gå vår veg...bana var noke vi kunne klare...
....så gløymte mor å ta av bandet...hallo....ja det går an å vere så fokusert at man gløymer det sjølvsagte. Jaja...det er ny sjangse i morga :D |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
January 2021
|