Ally vart 4 år i dag! Dagen blei ikkje feira akkurat då mor låg med migrene og var ikkje særlig i vigør. I staden for bilde av bursdagsjenta med hatt og kake med lys på så kjem det her ein liten videosnutt av Ally som leiker med datter Anemone <3
0 Comments
I dag fekk Anemone gå ei lita stund i band sammen med Ally og Bonnie. Dei gjekk max 10 min i lag slik så det ikkje skulle bli for mykje for lisje Anemone sånn til og begynne med.
Det er viktig for kroppen at ikkje kvalper må gå for langt i band. Spesielt når det er på asfalt, i bratte bakker eller på anna underlag. Når det er vi som bestemmer fart og lengde så er det ikkje så godt for ein liten kvalp å klare å seie i fra om noke er ubehagelig eller vondt. Desse små tassane gjer jo alt for oss og syns vi er verdens beste folk dei må tilfredsstille. Dei vil jo heller ikkje bli forlatt og elsker å vere der vi er. Dei klarer ikkje alltid å skjønne at dei blir slitne eller går for langt. Så må vi passe på at dei får nok søvn og kvile. Når det er sagt er det viktig med hopp og sprett og tjo og hei på deira egne premisser. Leiker dei seg utan band så tek dei sjølv dei pausene dei treng. Pass på at dei har variert underlag og unngå glatte gulv. Trude Rugaas har ein god regel for "trim": OBS dette gjeld fysisk trening (trim) som feks tur i band på asfalt eller skiløype som blir "tvungen", ikkje egen leik og herjing på kvalpens egne premisser: Valp inntil 3 mnd: Ingen. Bare utforskning. 3 mnd: ca. 10-15 minutter maks. 4 mnd: ca. 15-20 minutter maks. 5 mnd: ca. 20-25 minutter maks. Husk altså at dette kun er veiledende og kun for aktiv mosjon. Kvalpen kan sjølvsagt (og bør!) leike og styre på som den sjølv orker berre den har anledning til å sjølv sette seg/pause når den vil. Det er først når vi tek på band og går og går at ein bør tenke seg om for dei minste :) Her er eit bilde av trioen på tur og litt av kvart: Vi har vore på tur i helga med bobilen! Først var det Cavalieroppdrettermøte på Olavsgård der vi møtte mange kjende cavaliervenner! Så reiste vi til Holmestrand og besøkte halvsøster til Anemone; søte Zara og familien. Kjempekoselig!! På heimturen dro vi innom Isfjorden og besøkte bror Tassen & Co! Herlig med hundetreff og gode venner <3 Tusen takk for oss!! I dag var vi så heldige å få besøk av kjekke folk og søte Klara, søster til Bonnie!
Første møtet vart kaotisk og spennandes for alle fire firbeinte. Men Bonnie og Klara hadde tydelige samtaler der dei kjende kvarandre igjen. Ikkje sikkert dei husker så godt, men eit eller anna hadde dei tydelig samtale om... <3 Dei to jentene er veldig like i veremåte, forsiktige og milde. Dådyrblikk og tankefulle. Litt klumsete og med samme gange. Klara er litt lavare enn Bonnie og har nok det søtaste ansiktet og dei lengste øyrene ;) Begge er glupske når det kjem til mat og godbitane forsvinn med eit svusj! Dette var fole kjekt! Håper vi treffes snart igjen :) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|