Fleire har vore interessert...ja veldig mange faktisk :)
Men når det kjem til at besøksdato har komt så er det fleire som har gløymt å seie i frå om at dei har fått seg ein annan kvalp eller ikkje interessert lengre. Det er jo heilt greit det men det er fint å få beskjed så fort som mulig...eg har berre nokre få veker på å finne ein god heim. Kvalpestell tek mykje av tida mi og eg vil gjerne lære mest mulig om kva kvar kvalpekjøper har å tilby før eg bestemmer kvar den skal.
Det beste tidspunktet for overlevering er nemlig 8 veker , då knytter kvalpen seg lett til andre og får ein god start i livet.
Kanskje har eg mange krav, men for meg er det viktigare å finne rett heim til våre kjære små... ❤
Søknadskjema
PS! Eg har ikkje venteliste og har ikkje kapasitet/lyst til å lage ei (nettopp av grunnen over her). Dei som vil får følge med i blogg, FB og instagram ;)