Vi har fått ei avbestiiling pga tidspunkt som blei feil og då har vi ein ledig kvalp!
Hvis du har gode grunner til å ville skaffe deg ein kvalp då så kan du sende ein mailforespørsel til meg. Etter det kan du gjerne ringe også ;) Det kan ta litt tid før eg svarer på epsost, inntil ei veke, men alle skal få svar. MEN for at eg vil velge deg så må du skrive korleis kvalpen vil få det hos deg. Husk navn på personer i heimen. Les først her på heimesida sånn at du skjøner kva vi ønsker av ein kvalpekjøper :) Epost: unni.myrset(krøllalfa)gmail.com Tlf: 95088922 Her i huset er vi ganske så slappe i den deilige sommervarmen :) Eg blander litt vatn i maten til kvalpane sånn at eg er sikker på dei får i seg nok væske. Dei får RC Starter Mousse som dei slurper i seg. Dei vaksne får restane iblanda litt vatn slik at eg lurer i dei også litt ekstra væske ;) Dei vaksne får gjerne agurk, gulrot og vannmelon, men av og til vil dei ikkje ha... Eg har kokt ei høne og fryst ned hønsebuljongen(uten salt) i isbiter nettopp til slike varme sommerdager. Det får dei enten til å tygge på eller eg legg dei i ei skål med vatn, og dei digger det. Andre godiser er isbiter med leverposteivatn...nomnom! På hytta vår er det veldig varmt. Der har vi barnebasseng fylt med vann som dei kan kjøle seg litt i. Mine liker ikkje å bade noke særlig men dei vasser litt hvis der er godbiter oppi...til nød ;)
Har hørt om folk som kjøper vannfontene og at det er suksess i nokre veker før det ikkje er så spennande lengre...kanskje bortkasta penger? Ein ting vi ser er at kjølematter blir hyppig brukt av andre cavalierer...kanskje vi også investerer i ei sånn snart... Andre ting man kan gjere om det virkelig er varmt er å gi lunka vann i ei engangsspøryte rett i munnen( men er strengt tatt ikkje nødvendig anna enn om det er sjuke hunder eller ekstreme stader/stress/utstilling osv). Pass på at dei alltid har vann og skugge og kan avkjøle potane som er den einaste plassen dei sveitter utenom munnen/tunga ved pesing. Våte handduker kan vere gode å ligge på eller å ha over seg. EIn dusj er også godt. Litt vom og våtfor er også godt å blande i eller erstatte med tørrfor. På desse varme dagane går vi ikkje turer på dagtid. Kun i hagen tusler dei inn og ut som dei vil og der har dei også deilig skugge. Mine varmetilbedarar ligg gjerne rett ut i sola og peser litt heller enn skugge ;) Men då har dei i allefall valgt det sjølv ;) Ellers...husk... Ikkje gå på varm asfalt Aldri ligg i varm bil Forsiktig med bading i stilleståande vann (alger) Gå turane på morgon, kveld eller natt :) Det er så mange som fortsatt sender mail og ringer ang kvalp. No har 4 personer fått valget om at dei kan kommme hit på besøk og så får vi sjå. Mest sannsynlig er då alle 4 kvalpane solgte.
Hvis det skulle vise seg at det blir ein ledig så vil eg skrive det her på heimesida at vi åpner for nye forespørsler -ikkje før ;) Grunnen til det er kapasitet! Klok av skade så kjem eg ikkje til å åpne for å søke etter kvalp hos oss før kvalpane er fødde ved neste kull (planlagd ca mars 2020). Eg har fått til no 50 henvendelser ang kvalp.... DET er mange å sjekke ut! Eg sender altså ingen kvalper ut i den store vide verda uten at menneska først kjem hit og besøker oss. Av alle desse 50 var det 1/3 som ville ha tispe 1/3 har eg skjønt via FB har fått ein annan kvalp. Og nesten 1/3 har ikkje svart eller svart nei takk av diverse grunner. Då har eg skjønt at eg har kasta bort en god del tid på å finne ut kven folk er... Det er tid eg har lyst å bruke på andre ting ;) Så då ber eg derfor kvalpekjøpere om.....les dette sånn at dokke veit bakgrunnen. RIng meg gjerne for ein prat men det er kjekt om dokke veit korleis ståda er no for tida ;) Send meg gjerne mail og presanter dokke sjølve..... men les her og vit kva vi ønsker av våre kvalpekjøpere slik at vi begge parter sparer tid. Men vit at svaret eg kjem til å gi er det samme som står her. Eg har ikkje venteliste, det vil eg ikkje ha kapasitet til. Om du vil ha kvalp så må du vente til eg åpner for ny ledig kvalp eller nytt kull i 2020. Takk for at du gadd å lese dette og forstår at eg ikkje er ei mailmaskin men ei dame med hjerte for hunder som har lyst å bruke tida si på dei :* I dag er kvalpane 3 veker :)
Dei veks og trivst og har virkelig fått fart i seg. Ally godtek at dei to nysgjerrige ungtausene Bonnie og Anemone kjem innom grinda og snuser no. Dei har sneke seg inn titt og ofte dei siste dagane men då har eg sett at Ally følger ekstra godt med. Smågutane er veldig stille og snille. og mette. Ally titter innom ofte og stuller og steller. Ho er ei skikkelig flink mor. PS! Bonnie starta løpetida si i dag :P Tenk så rart det er.... at øyrene til kvalpane er heilt potte tette i to-tre veker før dei åpner seg og kvalpane kan høyre :)
Eg ser ikkje det enda men kanskje det så vidt har begynt å bli ei sprekke der inni no. Kvalpane har begynt å få med seg bakbeine og alle har klart å komme seg opp på vaklande fire fota og ta nokre steg. Dei har begynt å sutte og bite litt på kvarandre for å bli kjend :) No reagerer dei litt på ting rundt dei og augene er såvidt åpna seg dei siste to dagane. Willy var minst når han kom så han er seinast ute her. Men han er slettes ikkje minst no ;)
Øyrene er fortsatt heilt lukka men dei neste dagane vil dei åpne seg... <3 |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|