|
Det er fort gjort å lage hundekjeks. Her er ei ny oppskrift eg fann på i farta:
Stein på 180 grader i 15 min og slå av ovnen. La dei stå i 10 min til så dei blir deilige og sprø utanpå. Avkjøl og gi ein kvar til dei små håpefulle :)
0 Comments
Heldige Frøya har full underhalding med godterislikking medan mamma Monica fikser kloklipp!
Genialt eller? :)
Fekk lov å dele litt frå Kystcavalierens Born To Love You (Quinn) "Ozzy" (9 mnd) sitt liv!
Her viser han korleis han blir introdusert til klosaksa....først litt skepsis ... så er den dekt av deilige godbiter... så får matmor klippe klør mens han er opptatt av alle desse godbitane ;) Det er belønningstrening i praksis. Gå så sakte fram at saksa ikkje lenger er skummel, men en fin sak som får fram godbiter og godfølelsen ;) Flinke matmor og Ozzy <3 Restane frå i går blei enda ei lettlaga aktivitetsleike til jentene :)
Her laga eg eit rektangel og sydde på ein tjukk strikk med 4 åpninger i. Eg laga 4 andre rektangel som eg gjøymde godbiter i og snurra, rulla eller knytte og putta inn i kvart hol i strikken. Voila! #rullefirkant #rollsquare Eg følte meg så kreativ i dag så dette måtte få litt utløp tenkte eg... Ja og så liker eg så godt å inspirere andre da.... Det kjem sikkert av eit eller anna linselus-gen også... mulig det :P Men ja, her kjem ei sy-anvisning for deg som klarer å sy rett fram, og ein firkant. Dette må bli 1 av 3 deler for eg har jo 3 jenter som dokke veit og dei må jo få kvar si aktivitetsleike! Men det tok berre ein time, var gøy, jentene hadde det gøy, og eg blei enda meir inspirert til å lage meir :D No håper eg DU også vil kose deg med vidoen og bli inspirert til å lage noke GØY FOR DIN HUND, JUHUUUU!!! PS! Kan godt bruke fleeze, då slepp du sikksakksy klippekantane. Det var berre det at eg hadde ikkje så fargeglad fleeze i hus akkurat i kveld :P #rullefirkant
#rollsquare Her i huset har vi litt moro når tre doruller er oppsparte ;)
Putt nokre godbiter i dorullen og brett den litt sammen. Tape endane så dei må jobbe for å få dei opp. En - to - tre - VERSEGOD!!! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
oktober 2025
Framheva sider:
|





















































































































RSS Feed