Historia til
Cavalier King Charles Spaniel
- gjenfortald av meg ;)
Det eldste bildet av ein Cavalier kan vere frå 15-hundretalet. Her er "Titan's painting of Duthcess og Urbino" i Venetzia.
Historia til «Cavalier King Charles Spaniel»-lignande hundar meiner dei kan sporast heilt tilbake til 11-hundretalet i England. Der vart Cavalierlignande hunder populære då kongen gjorde det ulovlig med store hunder i jakt.
På 16-hundretalet vart Cavalieren en populær hund for dei adelige og royale damer som ville ha ein følgesvenn.
Ikkje minst var dei supre å ha som varmeputer og dei låg gjerne ved fotenden i senga og trakk til seg loppene frå dei kongelige…
På 16-hundretalet vart Cavalieren en populær hund for dei adelige og royale damer som ville ha ein følgesvenn.
Ikkje minst var dei supre å ha som varmeputer og dei låg gjerne ved fotenden i senga og trakk til seg loppene frå dei kongelige…
Kong Charles II
Då Kong Charles II vaks opp på slottet Blenheim på 17-hundretalet vart han sjølvsagt veldig glad i desse hundane.
Her av fekk dei navnet «King Charles Spaniel».
Hundane er godt representert i gamle maleri frå kongehusa på 16-17- og 18-hundretalet.
Det er sagt at skiltet «Vokt dem for hunden» er frå denne tida på slottet Blenheim….ikkje som eit signal om farlig hund .... ...men rett og slett at ein måtte passe på så ein ikkje trakka på dei ;) Kong Charles II var veldig opptatt av hundane sine og leika heller med dei enn sine kongelige plikter. Det vart sagt at han sjeldan var å sjå utan hundane sine. Han sørga for at små hunder fekk gode rettigheiter og han tok dei til og med seg på jobb i Parlamentet...noke som ikkje alltid var så populært... Derfor laga han ei lov som sa at dei ikkje var "hund" men meir som selskap å regne ;) |
1800-talet...
Tida gjekk mot 18-hundretalet og moten forandra seg. Det vart populært med flatnasa raser som Pug og Japanese Chin frå Asia. Desse vart blanda i avl med Cavalieren og den vart meir som vi kjenner «King Charles Spaniel» i dag, med rundare haud og flatare nase enn «Cavalier King Charles Spaniel» |
Blenheim slott...
På slottet Blenheim derimot foregjekk avlen mest utan innblanding og der var dei meir som då Kong Charles II vaks opp... Her budde no «Duke of Marlborough» og hass familie. Det var den kvite og brune (Blenheimsfargen) som var mest populær, derav navnet Blenheim. |
Dronning Victoria og sin Cavalier "Dash"
Den unge Victoria 13 år i 1833 fekk «Dash» med mor si når han var 3 år. Han vart hennar beste venn då ho omtrent ikkje hadde nære venna så overbeskytta som ho vart av mor si.
Det er sagt at etter kroninga i 1837 så klarte ho nesten ikkje vente og skynda seg alt ho kunne tilbake til sin Dash som ho kalla «dear Dash» eller «dear sweet little Dash». Den lisje tricoloren vart 10 år og dette står på gravsteinen hans: |
Ann's Son...
Cavalieren var nesten utrydda etter mykje utavl blant dei asiatiske typane (som vart «King Charles Spaniel»). I 1920-åra blei amerikanske Roswell Eldridge interessert i å finne tilbake til den gamle langsnuta og flathauda typen. Han lukkast ikkje med det same så han utlovde ei belønning på 25 pund på «Crufts Dog Show» til dei som hadde tispe og hannhund som var mest lik. Vinneren vart til slutt funnen i 1928 og det var hunden «Ann’s Son». Dessverre døde Roswell Eldridge før han fikk sjå avkomma… Men arbeidet starta med å avle fram igjenCavalierane, ein klubb vart danna... ...og resultatet av avlen er dei hundane vi har i dag som fekk navnet «Cavalier King Charles Spaniel»! |
Ein Cavalier King Charles Spaniel vann CRUFTS i England i 1973
Andre historiebeskrivelser:
Wikipedia sin historiebeskrivelse finn du HER
Det svenske Cavalierselskapet har en fin en HER men den er altså på svensk ;)
Bilda lånt fra Wikipedia
Bilda lånt fra Wikipedia