På NCks Oppdretteriste finn du oversikt der også Kystcavalieren står oppført.
Det finns sjølvsagt oppdrettere som ikkje står der som alikevel følger avlsreglane. Som kvalpekjøper er det lurt å sjekke kva som trengst ved å lese reglane og sørge for at dette blir fulgt. Ved å vise at man har gjort dette vil man også kunne stå sterkere i kjøp av kvalp .... just a tip.
0 Comments
Då har eg blitt valgt inn som styremedlem for 2 år i Norsk Cavalierklubb :)
Eg har tidligare vore varamedlem i 2016/2017 og dette siste året 2019/2020. I tillegg er eg webmaster for heimesida sidan 2015. Endelig kom sløyfene for jentene sin flotte innsats i Rally-lydigheit!
Som nr 4 (Anemone!), 7 (Bonnie) og 8 (Ally) er dei av dei beste rallycavalierane i Norsk Cavalierklubb 2018!! Kva er gjort i cavalierklubben dei siste par åra med tanke på å forbedre helsa til cavalieren?28/3/2019 Litt om dei største utfordringane først:
Hjertesjukdom (MVD): Det er 8 ganger større sjangse for at ein cavalier dør av denne hjertesjukdommen enn andre raser, ref Agriastatistikk. Men dei fleste cavalierer dør med denne, ikkje av den sjølv om 50 % får den i mild grad før dei når 6-7 år. Syringomyelia (SM): Ca 2 % av cavalierer er affisert og har symptomer på SM. Ca 70 % er scanna med funn av SM, men uten symptomer. altså merker ingen ting av det. Ca 98 % er scanna med funn av CM, hjerneform (lillehjerna pressa sammen) som kan henge sammen med SM. Dette gjeld også i meir eller mindre grader andre små hunderaser også som griffon, chihuaua, pomeranian osv. altså ingen cavaliersjukdom. Scanning kan gjerast to stader i norge der det koster mindre enn ca 8000 kr så dette er en stor kostnad. Hunden må ha full narkose og det er ein omfattande undersøkelse i MRI maskin. Så lenge en ikkje er sikker på om dette er måten å hindre SM på så er ikkje dette eit krav i klubben. SM har ei avansert og enno ukjent nedarving. Scanning over mange år i bl.a Nederland og Danmark har ikkje gitt det gode resultatet enn hadde forventa. Når det er sagt er scanninger viktig for at vi skal finne ut av sjukdommen. Patellaluksasjon( (PL) og hoftedysplasi (HD): Alle avlsdyr må sjekkast for PL (enkel undersøkelse). HD (narkoseundersøkelse) er ikkje så utbredt i rasen, ca 2 prosent. Augesjukdommer (Katarakt o.l): Alle avsldyr må augelysast så dei alvorlige sjukdommane blir luka ut. Kan enkelt gjerast hos dyrlege. Curly Coat Syndrome og Episodic Falling: Alle avlsdyr skal vere gentesta. P.g.a. en enkel gentest er dette no nesten utrydda, men det fins berarar av genet som fortsatt kan brukast i avl då dei ikkje gir sjuke avkom (resessiv nedarving). Avlskrav i klubben: Avlsdebut er økt til 3 år. Det vil sei at foreldre til avlsdyr er 6 år eller meir. Jo eldre hundane er jo meir fanger en opp det at dyr kan vere råka av hjerte og SM som er utviklingssjukdommer. Dette er den strengaste avlsalderdebut av andre lands klubber! Oppdrettere på klubbens oppdretterliste må delta på minst 1 kurs annakvart år. Det blir avholdt 1-2 kurs og oppdretterseminar i året til opplysning og debatt. Alle oppdrettere bør (må om dei skal stå på klubbens oppdretterliste) sende inn skjema på hunder som skal i avl og vere godkjent i.h.t ein hjertematrise. Det er avsrådet utnevnt av styret som kontrollerer at alle opplysninger er rette. Det må signerast på at avlsdyr er symptomfrie på SM og vere fysisk friske i tillegg til pålagte tester (som beskrevet ovanfor). Frå tidligare er hjerteattest og patellaattest som sjølvsagt må vere fri, det er uendra. Men nytt frå 1.1.2020 er at det er kun godkjente veterinærer av NKK som kan utføre hjerteundersøkelser og det skal inn i DogWeb. Anna styrearbeid: Styret har hatt eit stort arbeid med å sette i gang fjorårets årsmøtevedtak, dei nye avlsreglane. Dei har eit samarbeid med dei andre Nordiske landa der dei har møttest for å dele erfaringer og sette vegen vidare. Styrerepresentanter har deltatt på eit møte i England (moderlandet til CKCS) med den Engelske Cavalierklubben der det har vore diskutert helseutfordringer, utavl med anna rase o.l. RAS er blitt til og skal reviderast i 2019. Det er høgtid i heimen når medlemsblada kjem i postkassa. Her er Danske "Cavalierposten" og Norske "Cavalieren", 2 koselige blad :)
Eg anbefaler alle som har cavalier eller som tenker på å skaffe seg ein å melde seg inn i klubben vår. Då blir ein medlem i moderorgianisasjonen Norsk Kennel Klub (NKK) som også gir ut 4 blad i året: "Hundesport". No desse dager med diskusjoner om etisk hundeavl så mistenker eg at det er litt forvirring over kva ein cavalier er? Eg har jo lenge tenkt at eg skulle blogge om forskjellen på ein cavalier og ein king så her er den altså: Cavalier King Charles Spaniel vs. King Charles Spaniel
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
February 2021
|