I helga var vi på bobiltur til Bø i Telemark...litt for langt å kjøre men kva gjer ein ikkje for å treffe venner, bli med på jubileum med utstilling og kose seg på grillfest :D
Det blei en nydelig tur i flott sommerver denne siste helga i mai. Vi kjørte Vestsidevegen frå Lesja over fjellet til Vågåmo og vidare over Valdresflya. Det blei nokre springepauser for jentene og kaffipauser til oss....og vi klarte det på 12 timer :P Heimatt blei det om Oslo og E6, ein time kortare. På Norsjø Ferieland -camping traff vi den eine kjende etter den andre og kosa oss glugg heile dagen med utstilling og grilling på kvelden. Dagen gjekk så alt for fort... Det var mange fleire der eg så gjerne skulle ha prata meir med <3 Anemone gjorde det best med CK på laurdag men Very Good på søndag. Bonnie fekk Very Good juniortispe nr 4 og nr 3 på søndag. Ally fekk Very Good på laurdag og Excellent på søndag :))) Thank you to the judges Lorraine Hughes (Loranka) and Caroline Gibson (Toraylac) Her er bilder med tekst for den som vil følg oss på turen:)
0 Comments
Vi er så glade og fornøgde med resultatet frå NKK-utstillinga i Ålesund!
Ally fekk Excellent! Bonnie fekk Very Good! Anemone fekk igjen Excellent med CK og vart beste juniortispa :))) Kjekkast var no alikevel besøk frå Vågå og her var det hundeliv og hagekos i nydelig ver (på laurdag iallefall) :))) No må eg fortelle meir med litt bilder: Tusen takk til alle som møtte opp for å heie på oss og alle kjekke cavalierfrelste rundt ringen! Kjekt å snakke med alle sammen -eg skulle berre ønske vi hadde bedre tid til å vere i lag :) Gratulerer til alle vinnere!! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|