0 Comments
Mange lurer på kva dei treng til kvalpen sin når den kjem i hus. Det kan vere lurt å lese seg litt opp på ting så derfor lager eg her ei liste over det eg synes er lurt å ha. Kanskje til og med fleire lister..... skal vi sjå.... : PS! Husk det viktigaste i forberedelsen på kvalp -> les/lær deg hundespråk/ta eit onlinekurs eller lignande!
Ja då er det berre å vente......om ca 5 veker vil eg tru vi kan gjette oss til om Anemone har blitt drektig. Det er ikkje før i veke 7-8 at vi kan ta røntgen for å få det endelige svaret på om det blir småtasser her til jul. Tvi tvi! Alle 3 var med på turen i bobil til Hamar :)
Utrulig så lang tid ting kan ta når man venter på det. Men no er endelig løpetida til Anemone i gang. I dag har vi vore på Ålesund Dyreklinikk og tatt progesterontest. Då måler dei blodet sitt nivå på dette hormonet som stig når eggløsninga kjem i gong. Blir egga befrukta og hunden drektig så senker det seg ikkje igjen før kvalpane er ferdiglaga og skal ut, då skjer fødselen. Jah......det er no det vi drøymer om da......vente å sjå, vente å sjå ;) Bonnie var rå i dag! 178 poeng og 1.premiering i dag! Aneomone hakk i hel med 171 poeng og 2.premiering. Ho var litt surrete i og med vi venter på løpetida når som helst no og konsentrasjonen er så som så ;) Ally gjorde ein skikkelig komikveld-opplevelse og var rett og slett KUN opptatt av å snuse...haha....ho stakk ut og inn på bana 3 gonger så det var ikkje dagen. Mamsen må kanskje skylde seg sjølv for at luftinga rett før blei alt for kort men skylder litt på at stevnet var på overtid med over 2 timer ;P Kjekkast var no å vere på bobiltur med ei god venninne, Tove! Under her er bilder av fotograf Ole Morten Størseth. Han er så grei at vi fekk bruke desse bilda som vi ville, er ikkje det snilt vel :))) I dag har vi vore på rallycup i Sunnmøre Hundeklubb.
Bonnie(førsteklasse) tok 2.pallplass med suverene 195 poeng i dag!! Wohoo! Anemone(førstaklasse) hadde ein sitt for mykje og diska... Ally(tredjeklasse) hadde ein repetisjon for mykje og diska.....jo ja....no er vil klare for offentlig stevne på Averøya i helga......elller? Thihii Gøy var det iallefall! Mamsen var til og med meddommer i 2klasse |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|