I desse tider med debatter om etisk hundeavl...(sjå debatten her)...så er det greit å ha på det tørre...kva er ein cavalier? Av og til lurer eg på om enkelte kanskje blander korta litegranne....ja eg er ikkje sikker, men det virker slik på meg når det blir sagt at cavalierens rasestandard kan gjere at cavalieren får dårligare helse.... Så tenkt så gjort...då måtte eg gjere nokre presiseringer i rasestandaren. Eg har utheva enkelte ting som eg syns kan vere greit å ha klart: Hvis det er slik at dette kan lage ein usunn hund så skjøner eg ikkje det. Då må noken vere så snill å forklare det til meg. Det er ikkje slik her at det feks står kortast mulig nase. Nei den skal vere lang og passe til hodet og vere altså ca 4 cm. Om det er dommere som i utstilling premierer kortare så treng dei heller å oppdatere seg på standarden slik at ikkje oppdrettere må tilstrebe seg noke feil for å få vinne i ringen.
Så har vi det med cavalier og king....veit du forskjellen? Det vil eg skrive om i neste blogginnlegg.
0 Comments
Av og til må ein jo ha eit litt filosofisk/vitenskapelig innlegg på ein blogg også.…så her er mitt bidrag ein kald januarkveld.
Kan vi berre fortsette å lage flottare, mindre/større og raskare hunder for alltid? Nope… fortsetter det i samme duren går vi tom for genetisk variasjon, men selektiv avl kan sjølvsagt forbetre dei fleste eigenskapar som blir nedarva polygenetisk (ein arveform der fleire sett med arveanlegg bestemmer utforminga av ein eigenskap). Så hvis en da er oppdretter og er ute etter visse kvaliteter (størrelse, temperament, arbeidsevne, pels, ørelengde, snutelengde, skuldervinkling eller intelligens –lista er lang) så kan en gå glipp av «gode gener». For eksempel: det blei ikkje avla på ein hund fordi den hadde for korte ører….men den levde lenge og hadde jernhelse og alle andre gode egenskaper til stades. Det vi ser med det blotte auge er ikkje alt. Det ein kan oppfatte er det beste(fenotypen) er jo berre det man ser og ikkje genene. Akk den som kunne få tatt ein gentest for alt...men dit kjem vi aldri (i vår tid). Når man velger ut så velger ein kombinasjonen av gener og miljø som laga det ein oppfatter å vere best. Men kanskje hadde den som du synes såg bra ut eit uheldig miljø å vekse opp i? Her er mange fallgroper å dette i for å miste gode gener. Vi må passe oss for å velge berre dei "beste" hundane (eller drive innavl/linjeavl) for då opprettheld oss ikkje ein stor nok genpol (alle dyr ein kan avle på med sine gener og alleler). Då vil vi til slutt innsnevre genpolen og redusere antal dyr vi har å avle på og det vil då dessverre også gå ut over vår evne til å forbetre kvalitetane(utsjånad/ helse osb.). Ved også av og til avle på «mindre perfekte» kan vi hindre innsnevring. Det siste vi vil er nemlig å sitte på for liten genpol for det går ikkje an å avle seg ut av helseproblem utan å ha genetisk variasjon nok. Så... i mellomtida at eg driv med litt sjølvstudium…venter eg spent på å få gå på oppdretterseminar i NCk i haust for å bli betre på dette med avl og oppdrett :) Kilder: https://www.instituteofcaninebiology.org/blog/archives/01-2019
Etter å ha lest både ditt og datt så forstår eg litt meir men også litt mindre. Dette med arveganen til SM er veldig komplisert... Men eg har tru på at det å avle på eldre symptomfrie hunder er vegen å gå uansett scanning eller ei.
Meir tør eg nesten ikkje ha meining om akkurat no for her er det mykje som fortsatt er uvisst. Ein gentest kan vi iallefall sjå langt etter fordi det er så multipolygenetisk(mange faktorer som speler inn). Det er dog ting ein kan vere sikker på og det er at for å påvise om ein hund har SM så må det ligge ein MR-scan til grunn. Symptoma er ikkje nok for det kan vere alt frå allergi og ryggvondt til PSOM berre for å nemne noken få grunner. Og...her er viktig at det blir scanna slik at ein kan lære meir! Ein annan ting er at det ikkje er berre ein cavaliersjukdom. Fleire kortsnuta raser(brachycephalisme) kan stri med dette; cavalier-blandinger, griffon bruxellois, affenpinsher, chihuahua, yorkshire terrier, maltese, boston terriers, fransk bulldog, pug, pomeranian og brachycephaliske katter. Personlig kjenner eg enda ikkje noken med hund med SM men eg har hørt om eit par tilfeller blandt felles kjendte. Ei unødig opplysning kanskje...men vi må ikkje gløyme at det er hjerte til cavalieren som er den største utfordringa (MVD). Der trur eg også vi er på god veg til å avle oss ut av det med seleksjon, men det tek nok si tid. Juhuu!! Eg har bestått eksamen på kurset "Adferdsproblemer hos hund" med Emma Garlant i HunOmHund!!!
Dette er tredje kurset eg går med Emma i år og eg anbefaler kursa hennar på det sterkaste!! Sjå HER Hvis Ally er drektig er planen å behalde ei tispe på for. Eg har stor tru på denne kombinasjonen mellom Ally og Pondus. Draumen er at det kan gi ei fin tispe som vi kan ha eit par kull på når tida kjem at ho er gammal nok(3 år) og frisk(tatt alle tester). Då er det slik at vi skriv forvertsavtale med den som overtek ho. Ho blir då gitt bort til ein familie som vil ha ho som sin egen på vilkår som fins i avtalen. Det er å halde ho i god form på alle måter, stille ho ut, samt ta ho på alle helsesjekker som ho treng. Dette er ein fin måte å få ein flott hund som har potensiale i utstilling og som eg trur på vil bli ein god kandidat for rasen.
Det må vere noken som bur ikkje så alt for langt frå oss slik at vi kan halde god kontakt, passe ho her, ta ho ev med på utstilling osv. Ho må vere godt vand med oss for det er her ho eventuelt skal ha sine kull, då må ho bu her i ca 2 månader (eventuelt delvis). Du kan lese meir om det å vere forvert det her. Er dette noke du kunne tenke deg så følg med om det blir kvalper her til jul ;) I dag blei Anemone augelyst og Bonnie fekk vaksine. Anemone hadde friske og fine auge og alt var heilt topp bortsett frå eitt augehår på kvart auge som var feilstilt. Så fanns det ein liten einslig liten ufarlig fold, ingen fare altså berre ho når den tid kjem får ein kavalierherremann fri for slikt. Så då ligg friattesten på auge i DogWeb :) Så til dagens herligste nyheiter: Bonnie sitt kne er friskmeldt! Hadde eg vore litt framsynt så hadde eg hatt med papirer frå klubben med meg og fått ein attest på det men pytt, det kan eg gjere seinere. No veit eg iallefall med sikkerheit at problemet med kneet som Bonnie hadde i vinter ikkje er noke arvligt og ho kanskje også ein dag kan bli mamma! :))))))
I helga har eg vore på oppdretterseminar arrangert av Norsk Cavalierklubb. Det var eit veldig bra seminar med foredrag av kardiolog Liva Vatne om siste nytt innan hjerte; sjukdom og forskning. Det var foredrag av veterinær Malene A Osufsen om tannhelse -gjett om eg kom heim og pussa ekstra godt tennene til mine søte små !! Så var det diskusjoner og oppretters time samt status frå styre og avlsråd. Det er gjort mykje godt arbeid dei siste par åra og eg gler meg på vegne av alle cavalierer og eigere, og håper og trur på at godt oppdretterarbeid vil bere frukter dei neste åra framover. Tusen takk for eit kjekt seminar å få vere med på!
Eg er så heldig for eg har gått kurs hos Emma Garlandt som er superflink lærer og hundetrener/forleser/blogger - Eg anbefaler virkelig hennar kurs: HunOmHund
Då har eg sjølvsagt også meldt meg på dei neste to kursa... ;) Eg MÅ berre få skryte litt av meg sjølv og legge ut nokre av kommentarane frå Emma på del 2 av eksamen min: "Oppgave 2) Du møter en mann på bussen ... Digger svaret ditt! Så innmari gjennomtenkt! Noe som også skiller seg veldig ut er dette: “Hvis hunden absolutt ikkje trives med det så bør den slippe og alltid beskyttes fra barn”. Det er noe mange glemmer. De SKAL ha hunden til å slutte å være redd. Men man kan ikke bestemme slikt, for de er ikke maskiner. I noen tilfeller må man derfor bare innse at det er best å skjerme. BRA, Unni! Oppgave 3) Fortell dine refleksjoner når du hører utsagnet «La hunden være hund!» Dette svaret er poesi. Kombinasjonen av kloke tanker og vakkert mål. Virkelig! Kan liksom høre at det blir lest opp. Skulle jeg ha fremhevet ett eneste avsnitt, må det være dette: Ein hund er hverken ulv eller menneske, vi bør alle lære oss forskjellane for å få bedre forståelse for adferd. Først då vil vi kunne skjøne feks at ein hund ikkje glad men er stressa og eigentlig har det vondt. Fantastisk! Full skår på denne delen! Har du tenkt på å jobbe som atferdskonsulent, forresten? Eller gjør du det?" ...og det kan for enkelte vere veldig veldig behagelig... :) Kiropraktor Harriet har massert og kjent på alle tre. Anemone demonstrerer nytelse på massasjebenken ;) Alle tre skal no gjere nokre øvelser slik at dei blir sterke og gode i kroppen sin der dei treng litt ekstra oppmerksomheit. Bonnie som hadde vore med Harriet før ein gong hadde allereie store endringer og vi håper at kneet som ho fekk låkt i blir like sterkt som det var. Ally hadde også litt stivheit i ryggen og skal tilbake for ein sjekk litt seinare.
Alt det beste for mine tre søte små <3 Vi må berre beklage her i frå til alle som har besøkt oss/ringt oss og sendt oss mail om at dei vil gjerne ha kvalp....det blir ikkje kvalper i juni hos oss... :(
Det viser seg at Ally var enten veldig tidlig ute med å få eggløsning eller så har ho klart og lurt meg. Ho blødde nemlig nesten ikkje denne løpetida og derfor har eg nok bomma... Så har vi vore ekstra uheldig med at det kom helg i mellom der vi burde fått vite resultatet av progesteromtesten. Det hjelpte ikkje det slag at prøva vart stoppa i tollen på veg til Laboklin i Tyskland... Svaret eg fekk kl 14:15 i dag var at løpet er over og ho hadde eggløsning fredag morgen :( Å reise heilt til Stavanger blei då derfor nesten bortkasta og sjangsen blei for liten til at det var verdt det. Skikkelig surt...og eg er veldig lei meg :( Men vi skal vere meir obs på neste løpetid om eit halvt år...det er berre å vente... Då Anemone vore og tatt 1-års vaksina si hos Ålesund Dyreklinikk :)
Ho skal på utstilling og då må ein vere vaksinert og vise til det i helseboka eller passet sitt. No er ho altså vaksinert mot kennelhoste og andre lumske greier og er klar til å vere med på utstilling og møte resten av den store verda. Ein årlig liten helsesjekk er alltid lurt! No er vi klare til utstilling i slutten av april på Sunndalsøra og NKK si store utstilling i Ålesund den 5-6.mai! Eg er med i gruppa Cavalier King Charles Spaniel på Facebook med over 6-tusen medlemmer. Det er ganske så representativt for cavaliernorge vil eg tru med sine ca 8-600 registrerte hunder i NKK i året
Der kan man diskutere alt mellom himmel og jord og kose seg med maaange herlige bilder og filmsnutter med cavalierer :) Av og til så kjem spørsmålet frå noken som har lyst å skaffe seg ein cavalier og lurer på det med gemytt og helse. Då svarer folk villig i nord og sør kva erfaringer dei har med rasen. Eg har så lyst å gjenta noke her av det som blir skrevet, anonymt sjølvsagt. For eg trur det er mange fleire som lurer på dette som ikkje er på FB eller som ikkje har turt seg inn på denne lukka gruppa (enda);) «Cavalieren har ikke mer sykdom enn andre raser. Noen får Syringomyelia(SM) men ikke mange. En del får bilyd på hjertet men det behøver ikke være farlig det kan de leve med i mange år. Cavalieren elsker å lære triks, som de fleste hunder. De har et fantastisk gemytt. Jeg har aldri hørt om en Cavalier som har vært aggressiv eller har bitt noen. De ser ut som
Referanser:
HunOmHund: forskning.no/blogg/hun-om-hund/en-labradoodle-er-en-dyr-blandingshund NKK si anbefaling: kvifor kjøpe rasehund -bli en del av felleskapet og støtt gode saker! Pelsutfordring-doodlepels Labradoodle-oppfinner angrer.. Når en skal reise langt og parre ei tispe så er det greit å vite om ein reiser til riktig tid.
Da er det lurt å dra til vetereinær og måle progesteron-nivået i blodet. Det gjerast ved ei enkel blodprøve som sendes samme dag til Veterinærhøyskolen i Oslo. Svaret får en først dagen etter og det koster ca 850 kr så det er greit å følge godt med på tispa når ein bør ta testen. I Oslo les dei av nivået av dette hormonet(progesteronet) som stig i tispa rett før eggløysing. Tispene har ikkje lest brukermanualen så dei kan nok finne på både det eine og det andre. Noken stig fort og noken sakte, så dette er kun ei veiledning: For oss som driv med hundeavl så er det mykje man bør kunne. Eg har fortsatt mykje å lære og her vil eg ramse opp litt av det eg har forstått ang augesjukdommer. Korleis lese og tolke ECVO skjemaet som ligg i dogweb? Kanskje noken andre også kan ha nytte av dette..., håper det ;)
Her har eg klippt ut frå diverse sider på nett (kilder nederst) av dei som er oftast å sjå hos hunder:
- Kongenital (medfødt) katarakt : Dette er katarakt som er tilstede ved fødsel, og opptrer vanligvis i begge øyne. Selv om hunden er født med katarakt, er den ikke nødvendigvis arvelig. Infeksjoner og toksinpåvirkning i fosterstadiet kan også være årsak til katarakt.
- Utviklings katarakt: Utviklingskatarakt utvikles i løpet av livet, som oftest innen de første 5 årene av hundens liv. Som med kongenital katarakt kan de være nedarvet eller forårsaket av andre ting som skade, diabetes mellitus (sukkersyke), infeksjon eller toksisitet. Arvelig katarakt av denne typen finner vi hos flere raser. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|