Det er så mange som vil ha cavalierkvalper for tida! Eg får mange forespørsler både på telefon, facebook og epost. I tillegg svarer eg på henvendelser til klubben for tida. I klubben er vi i styret berre vanlige folk som gjer dette på fritida vår. Vi har ikkje kapasitet til å halde styr på kven som har kvalper til ei kvar tid. Det endrer jo seg heile tida. Dei fleste oppdrettere har enten lange ventelister eller så mange forespørsler at dei aldri annonserer kvalper til salgs. Dette frustrer jo den gjengse kvalpekjøper.... for kva skal dei gjere? Eg føler med dei som har leita lenge og ikkje veit heilt kva og korleis dei skal gjere det for å få seg kvalp. Nei det er ikkje lett. Vi anbefaler sjølvsagt at ein kontakter dei på oppdretterlista som følger klubbens avlsretningslinjer og krav og alle kull blir sjekka av avlsrådet. Noken oppdrettere foretrekker ein telefon og andre har heimeside med info om kva ein kan gjere, for eksempel skjema eller sende epost.
Så korleis sjekke dette da? Kvalpen må bli registrert i Norsk Kennel Klub(NKK) med stamtavle. Det er litt ventetid og registreringa tek tid. Ergo må du få muntlig avtale om at kvalpen blir registrert. Det du kan sjekke sjølv er om mor er i NKK. Då får du stamtavlenavnet på mor og søker ho opp i DogWeb(DW) hos NKK. Samme gjer du med far. I DW kan du sjekke om foreldre er øyelyst. Dei skal også ha papir på at dei har friattest på patella(kne). Det kan stå i DW eller du må få papir på akkurat det, eller sjekke helselista i klubben.
Straks står også hjerteattestane for cavalierer i DW men det er ikkje heilt klart enda så sjølvsagt må du få papir på den også eller den kan også finnast på helselista. Innavlsgraden som også står i DW bør vere minst mulig og dei fleste no for tida held seg under 3% og helst mot 0% I DW står det også alder og foreldre må vere minst 3 år. Hannen bør ikkje ha meir enn 30 kvalper etter seg før han er 5 år. Tispa bør helst ha eit år mellom kvart kull (etter mi meining) og ikkje over 5 kull. Alt dette finn du i DogWeb! Ein god grunn til å ha stamtavle ikkje sant?
1 Comment
I dag har vi vore på helsesjekk hos Ålesund Dyreklinikk. Der var det rekordmange som måtte ha hjelp før ferien sin så det blei litt ventetid i dag: Alle tre fekk vaksiner og er friske og fine. Ja bortsett fra hoftene til Bonnie da, men det går heldigvis veldig bra for tida! Alle fekk sjekka seg litt her og der og alt på alle tre er uten anmerkning. Her er Ally sin hjerteattest no er ho straks seinor på 7 år og vi måtte jo få en slik på ho no når vi først var der :) Anemone sin kjem i dogWeb så snart dei får summa seg etter ein travel dag på klinikken og hos NKK som har ferie for tida ;)
Ho må få sin inn der fordi vi har planer om å pare ho. ( Ingen kvalpeforespørsler før kvalper er født!) Vi har funne ein fin trikolor hann som vi trur ganske sikkert skal bli den heldige gemalen. Meir om det kjem snart men eg kan røpe at han er 6 år og en flott fyr som har fått 6 kull tidligare. Det er bra at han er litt eldre og har litt erfaring :P Eg kom til å lese noke litt urovekkande på face nettopp og det følte eg veldig på å skrive litt om.
Påstand: "Cavalier er ein rase utan avlskrav i NKK" Tja, hvis ein tek kvasomhelst av oppdretter så er det ikkje det pr i dag hos NKK (anna enn at tispa må vere over 18mnd (unghund!!!) og ha hatt ikkje fleire enn 5 kull!!!) Det kjem eit krav om fri hjerteattest straks men det er litt utsatt pga COVID19. Velger du derimot ein som står på oppdretterlista i NCk (cavalierklubben) så er det krav om:
Så.... da kan man jo tenke seg godt om før man velger hund uten stamtavle/en god oppdretter, og det berre angåande akkurat denne delen av temaet. Alle andre gode grunner får bli eit anna blogginnlegg :) Mange tenker:
"Nei det er ikkje så nøye med stamtavle for vi skal ikkje stille ut"... Avlsarbeid er noke folk flest ikkje tenker over. To fine friske hunder som får kvalper er vel bra? Eg skal ikkje legge ut på ei lang forklaring her eg vil berre oppfordre til å kjøpe kvalp med stamtavle i NKK. Då har du ei rimelig god oversikt over avlsarbeid/ linjer/helseresultater osb. DogWeb er Norsk Kennelklubb(NKK) sitt verktøy er åpent for alle å sjå. Eg har laga ei kort og grei bruksanvisning for dei som vil ta ein titt: Ja det kan virke som ein jungel når ein skal vite alt kva ein skal sjå etter ved kvalpekjøp...
For å gjere det lettare så har Iren laga ein video der ho forklarer kva du skal sjå etter og kjem med nokre gode tips. Eg har spurt om å få dele. Den ligg her i gruppa Cavalier King Charles Spaniel på Facebook: NKK og Cavalierklubben samarbeider om bedre hjerte på cavalierer :)
Frå nyttår må alle ha kjent hjertestatus i DogWeb og det er arbeidd gjevnt og trutt dei siste åra i klubben for å få dette til. Her finn du litt info I dette grundige kurset har eg sidan mars i år lært meg om kroppen til hunden.
Hundens anatomi, fra valp til voksen, utstyr, eksteriør, gangarter og mønstring, hundens øvrige helse, bevegelsestrenning, palpalsjon, avansert treningslære, skadeforebygging, ulike terapiformer, streching, massage og rehabilitering, tilbake etter skade. Prøve etter kvar modul og heimelekser med filming av hund. Artig :) VI har allerede hatt besøk av kvalpekjøpere og VI ØNSKER BESØK av dei så ofte som oss alle sammen får det til!
Eg ønsker at dokke som får kvalp hos oss får følge kvalpen si utvikling, bli kjendt med den og få mest mulig informasjon frå oss. Sjølvsagt er det nokre som bur langt unda og då er denne bloggen fin å ha :) Kva er gjort i cavalierklubben dei siste par åra med tanke på å forbedre helsa til cavalieren?28/3/2019 Litt om dei største utfordringane først:
Hjertesjukdom (MVD): Det er 8 ganger større sjangse for at ein cavalier dør av denne hjertesjukdommen enn andre raser, ref Agriastatistikk. Men dei fleste cavalierer dør med denne, ikkje av den sjølv om 50 % får den i mild grad før dei når 6-7 år. Syringomyelia (SM): Ca 2 % av cavalierer er affisert og har symptomer på SM. Ca 70 % er scanna med funn av SM, men uten symptomer. altså merker ingen ting av det. Ca 98 % er scanna med funn av CM, hjerneform (lillehjerna pressa sammen) som kan henge sammen med SM. Dette gjeld også i meir eller mindre grader andre små hunderaser også som griffon, chihuaua, pomeranian osv. altså ingen cavaliersjukdom. Scanning kan gjerast to stader i norge der det koster mindre enn ca 8000 kr så dette er en stor kostnad. Hunden må ha full narkose og det er ein omfattande undersøkelse i MRI maskin. Så lenge en ikkje er sikker på om dette er måten å hindre SM på så er ikkje dette eit krav i klubben. SM har ei avansert og enno ukjent nedarving. Scanning over mange år i bl.a Nederland og Danmark har ikkje gitt det gode resultatet enn hadde forventa. Når det er sagt er scanninger viktig for at vi skal finne ut av sjukdommen. Patellaluksasjon( (PL) og hoftedysplasi (HD): Alle avlsdyr må sjekkast for PL (enkel undersøkelse). HD (narkoseundersøkelse) er ikkje så utbredt i rasen, ca 2 prosent. Augesjukdommer (Katarakt o.l): Alle avsldyr må augelysast så dei alvorlige sjukdommane blir luka ut. Kan enkelt gjerast hos dyrlege. Curly Coat Syndrome og Episodic Falling: Alle avlsdyr skal vere gentesta. P.g.a. en enkel gentest er dette no nesten utrydda, men det fins berarar av genet som fortsatt kan brukast i avl då dei ikkje gir sjuke avkom (resessiv nedarving). Avlskrav i klubben: Avlsdebut er økt til 3 år. Det vil sei at foreldre til avlsdyr er 6 år eller meir. Jo eldre hundane er jo meir fanger en opp det at dyr kan vere råka av hjerte og SM som er utviklingssjukdommer. Dette er den strengaste avlsalderdebut av andre lands klubber! Oppdrettere på klubbens oppdretterliste må delta på minst 1 kurs annakvart år. Det blir avholdt 1-2 kurs og oppdretterseminar i året til opplysning og debatt. Alle oppdrettere bør (må om dei skal stå på klubbens oppdretterliste) sende inn skjema på hunder som skal i avl og vere godkjent i.h.t ein hjertematrise. Det er avsrådet utnevnt av styret som kontrollerer at alle opplysninger er rette. Det må signerast på at avlsdyr er symptomfrie på SM og vere fysisk friske i tillegg til pålagte tester (som beskrevet ovanfor). Frå tidligare er hjerteattest og patellaattest som sjølvsagt må vere fri, det er uendra. Men nytt frå 1.1.2020 er at det er kun godkjente veterinærer av NKK som kan utføre hjerteundersøkelser og det skal inn i DogWeb. Anna styrearbeid: Styret har hatt eit stort arbeid med å sette i gang fjorårets årsmøtevedtak, dei nye avlsreglane. Dei har eit samarbeid med dei andre Nordiske landa der dei har møttest for å dele erfaringer og sette vegen vidare. Styrerepresentanter har deltatt på eit møte i England (moderlandet til CKCS) med den Engelske Cavalierklubben der det har vore diskutert helseutfordringer, utavl med anna rase o.l. RAS er blitt til og skal reviderast i 2019. Ja det er vanskelig å la vere sånne fristelser på nett... Eg har altså meldt meg på eit kurs som går på nett over eit års tid. Det er "ELITE Hundeeiger" hos Nordisk Neste- og Hundeterapiskole med 9 moduler og masse ekstra nerde-godis. No kan eg kose meg i eit år framover med mykje god lære om korleis hundens kropp fungerer og det å trene/forebygge skade mm.
I tillegg går eg (mitt fjerde; AB2) kurs hos Emma Garlandt i "Hun om Hund". Emma er adferdsbiolog og tek for seg adferden til hunden -Vitenskapelig basert hundekunnskap. Her går vi heilt i dybda på dei biologiske fenomena som styrer adferd(følelser, sanser, gener, evolusjon/seleksjon, nervesystemer osv) - Etologi. ELITE går meir på det med korleis resten av kroppen fungerer. Så da tenker eg at eg har litt å gjere framover :) Denne helga har mor kursa seg igjen. Ja en kan no ikkje gå glipp av det når Turid Buvik frå Trondheim Hundeskole har komt til Sunnmøre Hundeklubb for å lære oss meir om hundeadferd!
Og gjett kem som stakk av med Ona-sjokolade-og-kaffebrenneriet-premien for beste kommentar på kurset.....hihi...nomnom :))) Og påskestrikket veks i takt med hjernecellene... :) I dag har alle tre tøttene fått hjerteattest -uten anmerkning sjølvsagt ;)
Attestane er også sendt inn til klubbens helseliste kvart år, som ordentlige cavalierer skal ;) Ally og Bonnie fekk den årlige vaksina si også. Anemone må vente litt til for dette er ca ein gong i året. Det gjer at vi kan komme på treff og utstilling og sleppe å vere redd for kennelhoste og lignande ulumskheiter :) No desse dager med diskusjoner om etisk hundeavl så mistenker eg at det er litt forvirring over kva ein cavalier er? Eg har jo lenge tenkt at eg skulle blogge om forskjellen på ein cavalier og ein king så her er den altså: Cavalier King Charles Spaniel vs. King Charles Spaniel
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|