Hvis Ally er drektig er planen å behalde ei tispe på for. Eg har stor tru på denne kombinasjonen mellom Ally og Pondus. Draumen er at det kan gi ei fin tispe som vi kan ha eit par kull på når tida kjem at ho er gammal nok(3 år) og frisk(tatt alle tester). Då er det slik at vi skriv forvertsavtale med den som overtek ho. Ho blir då gitt bort til ein familie som vil ha ho som sin egen på vilkår som fins i avtalen. Det er å halde ho i god form på alle måter, stille ho ut, samt ta ho på alle helsesjekker som ho treng. Dette er ein fin måte å få ein flott hund som har potensiale i utstilling og som eg trur på vil bli ein god kandidat for rasen.
Det må vere noken som bur ikkje så alt for langt frå oss slik at vi kan halde god kontakt, passe ho her, ta ho ev med på utstilling osv. Ho må vere godt vand med oss for det er her ho eventuelt skal ha sine kull, då må ho bu her i ca 2 månader (eventuelt delvis). Du kan lese meir om det å vere forvert det her. Er dette noke du kunne tenke deg så følg med om det blir kvalper her til jul ;)
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
January 2021
|