Etter å ha lest både ditt og datt så forstår eg litt meir men også litt mindre. Dette med arveganen til SM er veldig komplisert... Men eg har tru på at det å avle på eldre symptomfrie hunder er vegen å gå uansett scanning eller ei.
Meir tør eg nesten ikkje ha meining om akkurat no for her er det mykje som fortsatt er uvisst. Ein gentest kan vi iallefall sjå langt etter fordi det er så multipolygenetisk(mange faktorer som speler inn). Det er dog ting ein kan vere sikker på og det er at for å påvise om ein hund har SM så må det ligge ein MR-scan til grunn. Symptoma er ikkje nok for det kan vere alt frå allergi og ryggvondt til PSOM berre for å nemne noken få grunner. Og...her er viktig at det blir scanna slik at ein kan lære meir! Ein annan ting er at det ikkje er berre ein cavaliersjukdom. Fleire kortsnuta raser(brachycephalisme) kan stri med dette; cavalier-blandinger, griffon bruxellois, affenpinsher, chihuahua, yorkshire terrier, maltese, boston terriers, fransk bulldog, pug, pomeranian og brachycephaliske katter. Personlig kjenner eg enda ikkje noken med hund med SM men eg har hørt om eit par tilfeller blandt felles kjendte. Ei unødig opplysning kanskje...men vi må ikkje gløyme at det er hjerte til cavalieren som er den største utfordringa (MVD). Der trur eg også vi er på god veg til å avle oss ut av det med seleksjon, men det tek nok si tid.
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|