Leder av veterinærforeninga påstår at rasestandard for vår rase gjer at vi avler sjuke hunder. Dette stemmer ikkje, det står tydelig i vår rasestandard at hunder skal ha flate hoder og ikkje for kort snute (ca 4cm)! Det er veldig viktig arbeid som er gjort med RAS da denne beskriv kva rasen skal vere …slik at f.eks dommere ikkje kan velge ut dei «søtaste», høgskalla (uten bakhaud, hjerna veks nemlig ikkje oppover!) og flatsnuta hundane. Det som er sørgelig er at dommere ofte (i utlandet...) gjer det.
Cavalierklubben og NKK vil vente på dei som forsker på SM, f.eks Nederland som no har eit nytt helseprogram for å teste dette vidare. Inntil da så er det mange oppdrettere som venter med å scanne hundane sine, men også fleire som gjer det. NRK påstod at scanning kosta 12-18000kr og at det er grunnen til at oppdrettere ikkje scanner… Altså, ja det er dyrt. Men gi meg ei scanning som garantert fungerer så vil eg scanne mine avlshunder, uten tvil! (Personlig har draumen om oppdrett kosta meg så langt over 150000kr…) Her i Ålesund koster det 8000kr å scanne. På Jeløya koster det 4000kr (for meg minst 4000kr å komme meg dit med hund). Men når det er komt fram at tester er så usikkert om det nytter, så venter også eg…litt… Kjem det ein gentest? Tvilsomt…dette er multigenetisk(usikker på riktig ord her men eg er ingen ekspert!) Samtidig når det er slik at ein må i narkose med hunden for å MRI scanne så er jo det ein risiko ein ikkje har lyst å utsette hunden for utan ein garanti … Kvalpane til A-kullet har fleire forfedre som er scanna fri (farfar, oldemor på farssida, tippoldemor på farssida, tipptipp oldefar på farfars side, og oldefar på morssida) og eg håper at det derfor er stor sjangse for at mine linjer har minst mulig grad av SM i seg. Dessverre er det altså slik at ingen uansett kan gi noke garanti. To scanna fri foreldre har nemlig gitt avkom med SM… Testprogram som har foregått har ikkje tatt bort fra avl dei som er scanna med SM men uten symptom(pga å ikkje gjere genpolen mindre) …så vi har skjønt at det går an å vere scanna med SM og ikkje har vist symptom og levd heilt som normalt… Så er det denne teorien om hodeform (CM)…den er ikkje tatt med i testprogrammet… Så er det det at ein scann kun viser eit bilde av situasjonen der og då (utviklingssjukdom) og at det kan forandre seg…ja ikkje veit eg då kva som er best å gjere… Ein viktig(are!) ting her er då å avle på eldre dyr (over 2,5 år og då para med ein på minst 4 år) då symptom på både SM og HJERTE (som tross alt er det som er Cavalieren si største utfordring!) kjem seinare i livet! Det er mykje vi ikkje veit om SM enda, det er det einaste som er sikkert. No legg eg meg ut for høgg, men inntil noken kan komme med nye innspel enn dei eg har hørt dei siste åra så er dette tanker eg har. Eg har ingen fasit men dette er det eg har lært til no. Lær meg gjerne meir! Det eg ønsker meg mest av alt er friske fine hunder av den beste rasen eg veit om ❤
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|