Det er så mange som vil ha cavalierkvalper for tida! Eg får mange forespørsler både på telefon, facebook og epost. I tillegg svarer eg på henvendelser til klubben for tida. I klubben er vi i styret berre vanlige folk som gjer dette på fritida vår. Vi har ikkje kapasitet til å halde styr på kven som har kvalper til ei kvar tid. Det endrer jo seg heile tida. Dei fleste oppdrettere har enten lange ventelister eller så mange forespørsler at dei aldri annonserer kvalper til salgs. Dette frustrer jo den gjengse kvalpekjøper.... for kva skal dei gjere? Eg føler med dei som har leita lenge og ikkje veit heilt kva og korleis dei skal gjere det for å få seg kvalp. Nei det er ikkje lett. Vi anbefaler sjølvsagt at ein kontakter dei på oppdretterlista som følger klubbens avlsretningslinjer og krav og alle kull blir sjekka av avlsrådet. Noken oppdrettere foretrekker ein telefon og andre har heimeside med info om kva ein kan gjere, for eksempel skjema eller sende epost.
Så korleis sjekke dette da? Kvalpen må bli registrert i Norsk Kennel Klub(NKK) med stamtavle. Det er litt ventetid og registreringa tek tid. Ergo må du få muntlig avtale om at kvalpen blir registrert. Det du kan sjekke sjølv er om mor er i NKK. Då får du stamtavlenavnet på mor og søker ho opp i DogWeb(DW) hos NKK. Samme gjer du med far. I DW kan du sjekke om foreldre er øyelyst. Dei skal også ha papir på at dei har friattest på patella(kne). Det kan stå i DW eller du må få papir på akkurat det, eller sjekke helselista i klubben.
Straks står også hjerteattestane for cavalierer i DW men det er ikkje heilt klart enda så sjølvsagt må du få papir på den også eller den kan også finnast på helselista. Innavlsgraden som også står i DW bør vere minst mulig og dei fleste no for tida held seg under 3% og helst mot 0% I DW står det også alder og foreldre må vere minst 3 år. Hannen bør ikkje ha meir enn 30 kvalper etter seg før han er 5 år. Tispa bør helst ha eit år mellom kvart kull (etter mi meining) og ikkje over 5 kull. Alt dette finn du i DogWeb! Ein god grunn til å ha stamtavle ikkje sant?
1 Comment
Tina
8/10/2020 10:10:45
Herligt med god info 😊 spennende tid 😍
Reply
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|