Endelig kom det store kullet vi har venta på :) Anemone fødte 6 fine kvalper natt til den 11.november 2020, sjølvaste bursdagen til Brattvågen! 2 guter og 4 jenter, alle nydelig perfekt tegna. Vi vil sjølve ha att ei av tispene. No treng vi fred og ro og det er absolutt ein heildagsjobb å passe på at alle kvalpane får ein god pupp kvar. Straks legg eg ut KVALPESØKNADs skjemaet her i bloggen så alle som føler dei kan bli cavalierforeldre kan få søkt. Slik gjekk det altså: Natt til dag 59 kom dei. Vatnet gikk kl 22:30 men første rie kom ikkje før kl 02:35. Ho pesa litt og gravde litt men var igrunn ganske rolig bortsett fra minst 10 turer ut for å gjere frå seg. Men inne i varmen, rett før pressriene kom så peip ho litt, litt redd kanskje. Første, ei lita jente på 136 gram kom med rumpa til verda kl 3:00. Heile 4,5 timer etter vatnet gikk! Det var rett før eg ringte dyrlegen slik som ein bør gjere hvis ikkje det skjer noke på 2-4 timer etter at vatnet har gått. Men sidan ho var så rolig og tempen ikkje var så høg enda (37,3 kl 00:30) så venta vi tålmodig på riene. Ho gjorde igrunn alt etter boka, gravde og pesa så sov litt før ho starta på igjen å grave og pese. Skulle ikkje tru ho hadde gjort anna for ho tok seg av ho heilt profft med ein gong. Jenta blei slikka og navlestrengen bitt av. Utrulig at lisje Anemonejenta no har blitt så stor og flink mor <3 Kl 4:02 kom ein gut på 195 gram, då kom eit lite skrik også for denne var jo større enn den første! 40 min etter kom jente nr 2, også med rumpa først og med ein liten kverv i luggen. Kl 5:30 kom ein lyst tegna gut, også med rumpa til verda først, og med ein fin lang spot på toppen.
Anemone måtte deretter ut og tisse og kva trur dokke? Jau, der kom raskt ei nydelig jente med spot til verda rett i hendene på mor med lommelykt og tøfler i duskregnet. Godt var det da at vi har hørt på alle råda med å ikkje sleppe ei fulldrektig tispe ut utan full kontroll :O Kl 7:25 kom den siste tispa også ho med den etterlengta fine spotten på toppen! Alle sammen dia til slutt og klokka hadde bikka 7:45. Matmor er letta og mor er trøtt. For ei lykke i heimen <3
5 Comments
Arve Dag Halle
12/11/2020 21:20:40
Herlig historie og flotte bilder 😀
Reply
Bente
12/11/2020 21:27:15
Gratulerer så mye ❤️
Reply
Tina Kyrkjeeide
12/11/2020 22:21:32
Fantastisk å lese 😍 gratulerer til Anemone, matmor og resten av flokken 🤗 herlige små🥰
Reply
Synne Bårholm
12/11/2020 22:33:54
Åh, så utrolig kjekt! Så bra at naturen bare kunne få gå sin gang og at alt er bra med mor og barn. Gratulerer så mye ❤
Reply
Charlotte & Frank
12/11/2020 22:54:30
Så utrolig moro. Godt at alle er friske og raske. Gratulerer så mye med de seks små❤
Reply
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|