Endelig kom kvalpane! Så etterlengta kull dette har vore! No er det berre glede i heimen <3
Ally ligg fornøgd og passer på dei 3 flotte blenheimkvalpane sine. Det starta med at ho gravde og peste gjevnt heile dagen. Det hadde ho gjort litt no og då dei siste dagane.Tempen kvelden før hadde vore på 36,9*C så eg rekner med at det fall ytterligere den natta og steig gradvis til morgonen etter til 37*C. Kl 14:30 var tempen på 37,5*C. Ho hadde også hatt eit temperaturfall på søndag(36,5*C), men det kan visst vere vanlig den siste veka før fødsel. Kl 22:05 spydde ho opp att all middagen sin. Matlysta har heile tida vore stor så den vart slukt kl 16. Så starta ho og pese og grave. Pese og grave... Kassa var ein fin stad, også buret til Bonnie...og den gamle gode heimelaga senga som stod midt på golvet. Godt å ha litt gravealternativ ;) Ein liten slimpropp kom til synes på handduken og rett etterpå litt grønnlig vatn. Så kom der veer. Dei vart ikkje mange før ho ynka seg og så begynte ho å hyle. Au! Ho hoppa opp i stolen sin og pressa eit par gonger mens ho hylte litt til. Eg trøsta så godt eg kunne. Kl 22:57! Der hoppa ho så ned på golvet og med eit lite hyl til kom en fin liten prins til verda. Morkake og, heil og fin :) Dette syns Ally var litt skummelt men samtidig rart....ho lukta på vesenet og dytta på den med nasen sin. Dette visste ho ikkje heilt...mamma, hjelp? Så eg tok av hinna og prinsen trakk sitt første gisp! Herlig! Morkaka ville ho ikkje ha så den tok eg bort og knytte ein kokt tanntråd rundt navlestrengen. Oioioi så glatt og vanskelig det var. Men vi fekk det til! Frotterte og tørka han litt og la han på ei varmepute som eg har. Han virka frisk og sterk. Lik pappan sin ;) Vekta viste 237 gram! Ally fulgte med på heile greia og syns det var fole rart og spennandes. Eg la han til tatten og han fekk suge seg fast. Yess! Neste gong kom pressriane litt stillare ;) Eg kjende to føter og ein haletipp, og ikkje mange pressriene etter, ståande, så kjem lisje jenta med baken først ut i verda :) Kl 00:01 , 230 grams blenheimjente!! Ho fekk også die litt før neste omgang starta. Siste kvalpen vart også ein flott blenheimhann, litt lysare enn den første og med litt høgare røyst :) Pressriane var litt seigare og nokre av dei kanskje litt svakare....så det tok vel ca 5 min ståande frå vi såg føtene først. til heile kroppen klarte å bli pressa ut med den siste sterke ria. Dette var kl 00:28 og den største kvalpen på sine 258 gram! Ally dia alle sammen og eg la alle på varmeputa ei stund etter at eg tørka dei bak med ein våt bommullspad. Det fekk dei til å tisse. Ally var heilt utslått og låg og sov ei lita stund. Ho vakna kl 3:15 og då var ho nysgjerrig på dei små. Forsiktig så begynte ho å slikke dei og eg viste ho bakenden på en kvalp og ho slikka i seg litt tiss slik som hundemødre gjer. Då var det gjort... Dei sugde seg godt fast i kvar sin spene og det var lykke i heimen!!! Sidan røntgenbildet hadde vist 4...trudde vi...så venta eg lenge og vel på den siste...men neida, Ally viste at ho var fornøgd og ingen tegn til fleire. Tempen var normal for hendelsen og ingen tegn, berre litt småpesing av etterrier eit par gonger. No har vi sjekka godt bildet og dei kyndige sei at , neida,det er nok mulig der berre er tre ;))) Det kunne spart meg for mykje nattevåk, men slik er det no ;) Her er eit knippe bilder frå i går kveld og i dag:
5 Comments
Elidabeth Steingrimsen
22/4/2017 14:53:35
Gratulerer Unni og Ally❤⚘🐶☺Fantastisk koselig å lese dette! Godt at alt gikk bra! Du er flink til å skildre hva som hendte😊Tårene kom her! Sånt blir en rørt av!😓😍 lykke til og kos dere!! Lurer på hvordan lille "storesøster" Bonny tar det❤☺Klem fra Klara & co ☺
Reply
Unni Jensen
22/4/2017 15:14:55
Åhh, så herlig, og så godt at alt gikk bra <3 Gratulerer til dere alle <3
Reply
Kine Hvinden Dahl
22/4/2017 16:29:11
Gratulerer så mye ❤ Nydelige❤
Reply
May Iren
22/4/2017 21:59:55
Gratulere! Så kjekt!
Reply
Marit Hagen
23/5/2017 14:12:43
Fantastisk morsomt å lese beskrivelsen din av fødselen til valpene. Det kan jo skje så mye, men hos deg høres det bare greit ut. Jeg er spent på min Maya som nå er 5 uker etter parring. Har ikke opplevd valping - bare lamming hos venner. Får god støtte og veiledning av Solveig Sveen. Veldig glad for det. Hilsen Marit.
Reply
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|