I helga fekk Ally prøve å flyge! Vi skaffa ein billig flygebag på Ebay for lenge sida som vi har vendt ho til. I veka før så tok vi ho med i bil der ho var i buret nede på golvet mellom beina mine. Litt godbit og ho la seg fint til rette.
Før ein skal ut å flyge må ein sjekke med flyselskapet kva som er godkjent. Det kan variere. Men hos både SAS og Norwgian sa dei til meg då eg ringde at så lenge bagen er stor nok til hunden og den ikkje er større enn måla. Dvs den må kunne pressast litt sammen slik at den passer måla og under setet. Og den må vere under 8 kg med hund.
Eg var ganske så nervøs for korleis dette skulle gå...så vi fekk skyss til flyplassen i tilfelle Ally måtte bli heime. Heilt ubegrunna sjølvsagt :) Ingen hverken sa eller gjorde noke som var skummelt. Buret vart sendt i scanneren og Ally gjekk med meg i detektoren. Alt gjekk flott og vi fekk berre gode blikk frå medpassasjerer og flyplasspersonell :) Ally er jo så søt ....nesten FOR søt....når 10 fremmede på ei kort stund vil så gjerne helse på ho så kan det bli litt mykje! Eg er då ikkje så lite stolt men vi går ofte fort forbi og sett oss i ei krå. Buret var fint å ha, ho kraup gjerne inn heilt frivillig å la seg. Då vi skulle boarde flyet så låg ho klar i bagen og eg bar ho ombord. Ein flytur på 40 min er ikkje lengre enn at ho låg der under heile turen. Sidan ho då hadde trent på det så var det heilt ok. Då flyet tok av så såg ho brått opp på meg...kva er dette mor??? Ho møtte blikket mitt og eg kneip sammen augene mange gonger....då veit ho at her er det berre rolig og fint og ho la seg rett ned og sov. Då vi landa litt hardt så gjentok ho samme prosedyre...og eg møtte blikke hennar på same måte...ok mams, her er det visst berre å slappe av ;) Bilder frå turen: (Klikk på dei for å gjere dei større og bla med piltastane)
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|