Endelig kom Bonnie heim til oss :)
Reisa gjekk strålandes! Ho tissa og bæsja på Gardermoen....hihi....leika med søster Lotta....og sov seg gjennom heile flyturen i bagen under setet. Ally fekk småsjokk av dette lisje nøstet som kom så seint på kvelden. Ho peip av ivrig nysgjerrigheit og snuste på søstsaken. Men når snusinga var over så ignorerer ho Bonnie litt...ja en kan jo ikkje vise seg for ivrig...hehe. Dagen etterpå så syns ho dette vesle vesenet var litt innpåslitent så ho sa i fra om det. Men no er dei allereie i gang med litt forsiktig leik. Bonnie er heilt eksemplarisk...ho søv, et og leiker seg. Ut å tisse går som ein draum (ja bortsett frå når mamsen gløymer seg litt da...). I dag har vi vore på ein gåtur ute der Bonnie sitt i genseren og Ally i band. Litt kaldt ute så sjølv om ho vil ut av genseren så er den god å ha. No koser vi oss glugg i hel med masse kos og leik :) Tusen takk Ellen på Kennel Cemilie for denne vakre snille søte lisje skapningen <3
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
February 2021
|