Må berre skrive her sidan eg var litt pessimistisk i går, at i dag ser ho plutselig litt meir yppig ut. Magemålet er gått opp 1 cm og likeså optimismen ;)
Ventetid... vintertid... ventetid....... tålmod kom til meg... hihi. Mange spør seg sikkert kvifor eg skriv her før eg i det heile tatt veit om her kjem kvalper. Det er av den enkle grunn at eg gjerne vil dele både oppturer og nedturer med dokke. <3 Eg har sjølv lurt på korleis livet med hund og dette med oppdrett kan vere og har brukt årevis på å leite på nett etter dei som vil dele dette spennande med andre. Kanskje er det endå ein fersk oppdretter der ute som gjerne skulle hatt ein å dele gleder og bekymringer med. Kanskje er det ein kvalpekjøper som også er nysgjerrig på korleis det går og vil lære meir. <3
0 Comments
Når ein går og venter på ting går tida litt seint...så må man finne på ting...
Måle mageomkrets feks.....det er på 39cm for tida. Så går vi ein tur i fjørå. Anemone, Bonnie og Ally: Endelig kom kvalpane! Så etterlengta kull dette har vore! No er det berre glede i heimen <3
Ally ligg fornøgd og passer på dei 3 flotte blenheimkvalpane sine. Det starta med at ho gravde og peste gjevnt heile dagen. Det hadde ho gjort litt no og då dei siste dagane.Tempen kvelden før hadde vore på 36,9*C så eg rekner med at det fall ytterligere den natta og steig gradvis til morgonen etter til 37*C. Kl 14:30 var tempen på 37,5*C. Ho hadde også hatt eit temperaturfall på søndag(36,5*C), men det kan visst vere vanlig den siste veka før fødsel. Kl 22:05 spydde ho opp att all middagen sin. Matlysta har heile tida vore stor så den vart slukt kl 16. Så starta ho og pese og grave. Pese og grave... Kassa var ein fin stad, også buret til Bonnie...og den gamle gode heimelaga senga som stod midt på golvet. Godt å ha litt gravealternativ ;) Ein liten slimpropp kom til synes på handduken og rett etterpå litt grønnlig vatn. Så kom der veer. Dei vart ikkje mange før ho ynka seg og så begynte ho å hyle. Au! Ho hoppa opp i stolen sin og pressa eit par gonger mens ho hylte litt til. Eg trøsta så godt eg kunne. Kl 22:57! Der hoppa ho så ned på golvet og med eit lite hyl til kom en fin liten prins til verda. Morkake og, heil og fin :) Dette syns Ally var litt skummelt men samtidig rart....ho lukta på vesenet og dytta på den med nasen sin. Dette visste ho ikkje heilt...mamma, hjelp? Så eg tok av hinna og prinsen trakk sitt første gisp! Herlig! Morkaka ville ho ikkje ha så den tok eg bort og knytte ein kokt tanntråd rundt navlestrengen. Oioioi så glatt og vanskelig det var. Men vi fekk det til! Frotterte og tørka han litt og la han på ei varmepute som eg har. Han virka frisk og sterk. Lik pappan sin ;) Vekta viste 237 gram! Ally fulgte med på heile greia og syns det var fole rart og spennandes. Eg la han til tatten og han fekk suge seg fast. Yess! Neste gong kom pressriane litt stillare ;) Eg kjende to føter og ein haletipp, og ikkje mange pressriene etter, ståande, så kjem lisje jenta med baken først ut i verda :) Kl 00:01 , 230 grams blenheimjente!! Ho fekk også die litt før neste omgang starta. Siste kvalpen vart også ein flott blenheimhann, litt lysare enn den første og med litt høgare røyst :) Pressriane var litt seigare og nokre av dei kanskje litt svakare....så det tok vel ca 5 min ståande frå vi såg føtene først. til heile kroppen klarte å bli pressa ut med den siste sterke ria. Dette var kl 00:28 og den største kvalpen på sine 258 gram! Ally dia alle sammen og eg la alle på varmeputa ei stund etter at eg tørka dei bak med ein våt bommullspad. Det fekk dei til å tisse. Ally var heilt utslått og låg og sov ei lita stund. Ho vakna kl 3:15 og då var ho nysgjerrig på dei små. Forsiktig så begynte ho å slikke dei og eg viste ho bakenden på en kvalp og ho slikka i seg litt tiss slik som hundemødre gjer. Då var det gjort... Dei sugde seg godt fast i kvar sin spene og det var lykke i heimen!!! Sidan røntgenbildet hadde vist 4...trudde vi...så venta eg lenge og vel på den siste...men neida, Ally viste at ho var fornøgd og ingen tegn til fleire. Tempen var normal for hendelsen og ingen tegn, berre litt småpesing av etterrier eit par gonger. No har vi sjekka godt bildet og dei kyndige sei at , neida,det er nok mulig der berre er tre ;))) Det kunne spart meg for mykje nattevåk, men slik er det no ;) Her er eit knippe bilder frå i går kveld og i dag: Så kom endelig dagen vi kunne få sjå kvalpane på røntgen! Det er dag 49 (kanskje 50 om vi tell frå første parring). Etter dag 45 kan ein sjå kvalpane for no har dei fått kalk på beina sine. Vi såg først garantert 3...men så såg vi tydelig 4 ryggrader og ca 4 skaller!! :) ..... men no når eg ser bilda på PC og studerer i fred og ro...er det ikkje tydelig 5 ryggrader her da tru???? Det er ikkje godt å sei.... Det spørs om eg ringer dyrlegen i morga og ber ho også sjå ein gong til. Det kan fort gjøyme seg noke om dei ligg litt bak kvarandre. Kjekke dyrleger på NEBB OG KLØR på Skodje! Billigare røntgen får du ikkje og dei har god tid og vi som er "bekymra mødre" kan spørre om kva det skal vere. Kjempegod service! Det var dagens reklame :) Her er bilda: 5 og ei halv veke på veg.....struttetutter og liten mage. Ingen tvil lengre...her er det kvalper!! :)
Er du interessert i kvalp frå oss så sjå HER! Ei lita oppdatering for dei som er like nysgjerrig som meg.... Her er derfor ein liten snutt av Ally no i kveld. Tuttane har ikkje før vore så struttandes og rosa før....dette gjer at optimismen stig! Er ho drektig?? Magemålet har dei siste 6 dagane gått frå 38 cm til 40,5 cm... Men det er enda eit par veker for tidlig til at det kan sjåast heilt sikkert.... Det er dag 53 og må eg vel berre innsjå at det ikkje blir kvalper med Ally og Olle :(
Eg er mildt sagt veldig lei meg... Men sånn er det altså....Ally er like slank og no er det ikkje tegn til hormonelle utspring. Ho er like spretten og glad som før og har gløymt både løpetid, parring og drekitigheit. Tida får vise om Ally noken gong klarer å bli drektig.... Kanskje vi kan prøve igjen...hvis vi finn ein annan hanne (som er nærmare!) så kanskje vi klarer å få klaff.... Olle, fine fine, glade cavalieren har heldigvis blitt pappa fleire gonger og også nettopp til ein liten tricolorgut :) Mens vi venter og venter, og drøymer vidare om å starte det knøttlisje oppdrettet.... ...så ser vi oss om etter ei lita blenheimtispe... ja for no er tida overmoden for at Ally får seg ei søster... ;) Etter paringa har Ally hatt fleire symptomer på drektigheit. Det hadde ho også sist gong skal seiast.
Det er vanskelig å vente på noke som ein har drøymt om så lenge... Det store spørsmålet er no: Er ho drektig eller ikkje? Etter at det har gått så lang tid og magen ser ikkje ut til å vekse noke særlig...tja, eg vil så gjerne håpe i det lengste. No på dag 46 er det berre såvidt eit par cm meir i mageomkrets sidan dag 33.... Her er nokre ventebilder: For den som lurer på korleis det går her i heimen etter paringa for nesten 3 veker sidan....
Ally er godtesjuk, kosesjuk, har tidvis laus mage...men fremdeles ingen tegn til drektig... Vi får berre smøre oss med meir tålmodigheit....kanskje vi kan ane noke meir om nokre veker ;) Etter paringa i januar så håpte vi på at det skulle bli kvalper til påske....
Ally sov og sov etter paringa. Ho var mega-kosete og godtesjuk. Ho både spydde eit par gonger og fekk auka matlyst. Ho var ikkje interessert i å leike med andre, då berre stoppa ho og viste 0 interesse. Alt dette, men pattane viste ingen rosa eller hovne tegn....var ho drektig?? Vi ønska oss so veldig at ho skulle få kvalper! Kvalpekassa var klar...feriedagane var spart opp...påskeferien var perfekt plassert. Så vi bestemte at det var tid for å sjå på ultralyd. Var der kvalper? Kunne draumen gå i oppfyllelse?? Men slik gjekk det altså ikkje....der var ingen kvalper å sjå :( Skikkelig trist syns matmor.... Kanskje var det for seint i syklusen? Kanskje var turen meir anstrengande for ho enn vi trudde? Men vi gir ikkje opp draumen!!! Til hausten kan vi prøve på nytt mellom Olle og Ally og alle gode ting kan vel også vere 2 ?? Då skal vi vere endå bedre forberedt! Ein kan berre lære meir og bli bedre i ting ein ikkje kan! I mellomtida skal vi også håpe og drømme om småtasser som spring over golvet her til jul! DET må vere årets julegave det :))) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|