Anemone har fått tydelig rosa struttetutter og ein knøtt-liten mage. No er ho halvgått i drektigperioden så no kjem fostera til å vekse godt dei neste 4 vekene :)
Eg jobber med søknadsskjemaet så det er klart for dokke som venter sammen med oss....
6 Comments
Det er så spennandes..... men eg er ganske sikker på at ho er drektig. Denne siste veka har ho hatt så dårlig matlyst og det er eit ganske sikkert tegn. Ho har knapt ete noke, berre litt på kveldane. Mange tek ultralyd akkurat i denne perioden men eg tenker at eg er ganske sikker om to veker til. Tispe kan like gjerne absorbere foster såpass tidlig så det er kun for å bekrefte drektigheit i det øyeblikket og ikkje lett telle fosterblærer heller. Derfor venter vi like greit til ca dag 53 med å ta røntgen. Først då kan en vere sikker på at der er kvalper som skal ut og antal. Det er også litt meir matnyttig fordi då kan en sjå om der er en som er ekstra stor og då kanskje måle bekkenet om noke er bekymringsfullt.
Meanwhile on the sofa....: Dei siste dagane er det ei som ikkje har villa ete frukost.....skal tru om det er morgenkvalme.... Det er for tidlig å vere sikker på ei drektig tispe men.... :)
Utrulig så lang tid ting kan ta når man venter på det. Men no er endelig løpetida til Anemone i gang. I dag har vi vore på Ålesund Dyreklinikk og tatt progesterontest. Då måler dei blodet sitt nivå på dette hormonet som stig når eggløsninga kjem i gong. Blir egga befrukta og hunden drektig så senker det seg ikkje igjen før kvalpane er ferdiglaga og skal ut, då skjer fødselen. Jah......det er no det vi drøymer om da......vente å sjå, vente å sjå ;) Då har bolle-Ally vore hos Nebb og Klør og tatt røntgenbilder av lisjebollane i magen! Ho er som dokke ser på bildet lagt på seg ca 1,5 kg + og er no 9 kg + (eg trur det bandet må vere tungt) :O
Veterinæren er ganske sikker på at det er 4 stk der og det trur nok eg og. No skal eg prøve meg på å tegne opp slik som ho forklarte og slik eg tur dei ligg. Vi teller hodeskaller og ryggrader. Ein kan også sjå ribbebeina ganske tydelig på dei. Beina er godt utvikla og det ser bra ut. No er det berre å vente ei veke på at det plinger i ovnsbjella :P No er ho tjukk og god det kan vi sjå. Skal tru kor mange som ligg og godgjere seg der inne :) No er ho 50cm rundt magen (ved hoftene) og då har ho lagt på seg 12 cm til no.
Ally er så tjukk og god at eg måtte filme litt :) Og så gjekk banda i surr da..... Flexiband er ikkje for pyser :O Men så må Ally få sleppe å gå i trioband med dei to andre virrelusene no når ho er drektig og vil gå i sitt eige tempo. Ho er forøvrig kjempesprek for tilstanden sin og hopper fortsatt opp og ned sofaen før eg får stoppa ho ;) Eg kom over ei informativ side på nett frå ein slovakisk kennel. Dei hadde en artig kalender som eg fekk lyst å prøve. Klikk på bildelinken og du ser kor i svangerskapet Ally er : Ally er i dag 44,5 cm rundt midja i dag og veks og trivst :)
Å joda :D Ally er nok drektig :))) Ho har hatt nedsatt matlyst om morgenen no omtrent heile veka. I dag ser tattisane meget så fruktige ut ;) Her er magebilde til sammenligning: Vi har fått veldig mange henvendelser om kvalper.....vi har noke ikkje kvalper til alle som har lyst på. Gjennomsnittlig får cavalierer 3,8 kvalper pr kull. Til no er det over 30 henvendelser..... :O
Sånn er jo det berre.... Vi har ikkje venteliste som eg skriv på sida om kvalpeinformasjon, men vi kjem etter beste evne til å velge ut ein god heim til kvar kvalp. Om det kjem tisper som kan vere lovande så er også forvert aktuelt for oss. 3 veker sidan paringa mellom Ally og Orlando. VI venter og håper på rosa tatter og struttemage. Det er for tidlig å sei no men eg kunne jo ikkje vente med å ta et magebilde da :P
Dette var vårt fjerde forsøk.
Det blei suksess på forsøk nr tre, då kom det tre flotte kvalper. Eg får gå i tenkeboksa og finne ut om vi skal prøve ein gong til sommer 2019. Tida får vise.... |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
March 2024
Framheva sider:
|