Eg syns det er så herlig spennande med drektigheit og kvalper. Dei første tegna på drektigheit har gjort seg synlige på Anemone som no er 4 veker og 2 dager på veg. No er eg ganske sikker på at ho er drektig.
Då ho var nesten 3 veker på veg så blei ho morgonkvalm og ville ikkje ha maten sin før seinare på dag. Etter 3,5 veker ville ho ikkje ha noke mat og åt nesten ingenting anna enn det aller beste eg kunne tilby. Jada her blir man bortskjemt når man har små foster i magen så det blei kokt kyllingfilet, leverposteiskivebiter, nokre middagsrester (kokt ris er nydelig syns Anemone) og babyfor både tørt og vått. Dermed fekk vi lurt i ho litt mat. No har matlysta begynt å komme tilbake igjen, men om morgenen får ho fortsatt litt "lange tenner" ;) Etter 3,5 veker kunne eg såvidt kjenne ein liten bulk ved forsiktig palpering, men eg tør ikkje kjenne så godt etter. Ho slimer/har litt blank utflod og det er også eit tegn. Pattane var lyse heilt til no over 4 veker, sikkert pga kvalmen og lite mat. Men dei forandra seg litt og var litt fruktige etter veke 3. No i dag har dei blitt enda meir rosa og struttande og magen er blitt litt fyldigare. No skal det seiest at man må kjenne tispa si godt før man ser denne lisje forandringa. Det er først ved 5 veker at magen blir synlig større :) Eit anna godt tegn på drekitgheit kan vere at "skrufsa" ikkje har normalisert seg i størrelse og fortsatt er litt hoven. Er du like nerd som meg så liker du kanskje denne engelske sida om drektigheit på hund. Og så eit bilde av et hundefoster som på bildet er nesten 4 veker og på størrelse med ei hasselnøtt. Det utrulige er at denne blir ca 220 gram om litt over 4 veker til :)
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|