Juhuu! Vi klarte det igjen!!
182 poeng! Det vil sei 1.premiering i Rally klasse 2! Vi fekk også 2.plass på pallen med sløyfe og premie! I morga er det andre runde så då føler vi at vi berre kan ta det med ro for dette er knallbra syns vi ;) Her er skrytebilder og ein liten "Stikk-ut"-tur vi fekk med oss på veg heim:
0 Comments
Hallo bloggen! I dag må vi skryte litt av at vi diska på apellmerket. Vi er som du då kanskje skjøner berre kjempestolt av innsatsen vår :D Einaste grunnen til at vi ikkje klarte apellmerket (populært også kalla bronsemerke i lydigheit) var at eg tok borti Ally då ho skulle stå under marsj. Pyttpytt! Vi er så stolte uansett i dag!! Sjå berre denne fine rapporten på 124 poeng sjølv om det altså vart 0 poeng i stå under marsj.... Vi veit kva vi skal øve på til neste gong ;) Vi fekk ei fin krus som takk for innsatsen :)
Etterpå rakk vi eit par runder med rallytrening før vi stakk ein fin Stikk-ut-tur rundt på Skodjebruene: I dag tok vi ein liten tur til Olsvika og vart med på uoffisiell konkurranse i AGILITY.
Føst var det litt dugnad og ryddig av utstyrsbua....puh...mykje støv! Vi gøymde å ta bilder...men så fekk vi låne ett av Malin: Ally og Saivo ser på at vi brifer bana. Sjølv om vi diska så var det kjekt å vere med :) Litt stolt over å klare ei ellers nesten feilfri runde! Ally og Saivo..... <3 HURRA!!!! Ally har fått sin tredje 1.premiering 197 poeng! 😊😀 Då vil ho få seg tittel på stamtavla si: RL1 - TITTEL!!
Ikkje berre det men vi fekk 2.plass i klassa, PALLPLASS og ROSETT!!!! Då tok vi like gjerne å oppgraderte søndagen til å gå klasse 2. Heilt utrulig så kom vi oss gjennom uten disk og landa på ein fjerdeplass med 183 poeng! Altså ein 1.premiering i klasse 2!!!!! Vi er så stolte som det går an :))) Dette er nemlig mykje vanskeligare...uten band og godbit og Ally gjekk heile bana nesten "perfekt"!! Ørsta og Volda Hundeklubb arrangerte på Lid skule. Kjempekjekt å vere med. Vi reiste med bobil og kosa oss ute i naturen slik øss lika ;) Meir bilde under: Av og til blir vi med på trening på parkeringsplassen til Nørve Skule i Ålesund :)
Her er et bilde fra trening....det vil sei...felles sitt-øvelse ;) Lista over de 10 mestvinnende Cavalierer i Rally-lydigheit er lagt ut på cavalierklubben.no :)
Og vi er nr 5!! Yuhuu!! ...at vi har deltatt på RallyCup og Mesterskap denne hausten hos Sunnmøre Hundeklubb! Resultata er ikkje offentlige enda men kjem snart.
Vi trur vi klarte 2 av 3 i Cuppen, men diska desverre i Mesterskapet. Kanskje ikkje så rart kanskje at Ally nekta å legge seg ned og bli der i 2 grader og sludd :P Vi er strålande fornøgde uansett ;))) Hei og hå kor det gikk i helga! Vi reiste altså to tobeinte og to firbeinte heilt ned til Årdal i Sogn og Fordane. Med bobilen og skravletøyet i fullt gir søkte vi lykka på RALLYSTEMNET til Norsk Spaniel Klub avd Sogn og Fjordane.
Iselin og Lexie fekk det dei kom for: ein dundrande flott 1.premiering i sin debut! Eg og Ally var så uheldig å diske laurdag. Skikkelig dumt var det at dommeren ikkje såg at vi hadde ein ligg, men det hadde vi altså viste det seg på filmen i ettertid. Sjølv om eg må innrømme at det var vanskelig så skal vi vere sporty og godta at det dommeren ser, er det som blir dømt og ingenting å gjere med det :P (jada vi tek det med godt humør!!) Søndag fekk vi "kun" 2.premiering, og den må eg nok ta på mi eiga kappe for så mange dobbeltkommandoer har eg vel sjeldan hørt og sett... 169 poeng var altså då 1p for lite for å få 1.premie...då kunne vi fått RL1-tittel på stamtavla! Jaja vi får ny sjangse neste år ;) Det var eit flott arrangement -makan til flott info og service for oss deltagarar har eg ikkje opplevd! All ære til arrangørane! Bobilturen gjekk så bra og vi var heldige med at vinteren ikkje har komt enda og naturen viste si skjønne haustprakt for oss, spesielt på turen heim. Takk for turen Iselin og Lexie! Det vart ein fin disk på oss i dag
Glømte ein dekk...ellers topp resultat med berre ein dobbeltkommando og ein repetisjon. Hurra for oss!! I helga debuterte vi med 2 x 1.premie i rally-1 i Ørsta :) Første dag fekk vi 171 poeng, rota skikkelig men kom oss på rett spor igjen i siste liten.(5.plass) Denne dagen var det også valpeshow som var artig å sjå på mellom slaga. Andre dag var vi berre 20 sekund etter 3.plass i klassa med 197 poeng og BRONSEMERKE!! (4.plass) Litt forklaring: Rallylydigheit er å gå fra post til post (20 stk) og få hund til å gjere det som står der utan godbit, berøring, snusing osv. Det kan vere sitt, dekk, bli, gå rundt, få foran, gå bak og sitt eller gå straks osv... Klasse 1 er første nivå, klasse 2 er neste nivå osv... 1.premie er alt over 170 poeng (ein må ha 3 gonger dette for å gå til klasse2) Bronse får du når du er klar for klasse 2 og det fekk vi andre dag fordi vi fekk over 190 poeng :) Då har vi gjennomført kurs i nybegynner rally! Hurra for oss, ditta var gøy!!
Til helga er det stemne i Ørsta og vi har eit mål om å få gjennomført uten disk ;) I dag diska vi på liksom konkurransen, men det er like før vi kunne klart det! 179 poeng gjer at vi ser lyset i tunnellen om vi berre held haudet kaldt :D Juhuu!!!
Tredjeplass på oss i vår aller første blåbærkonkurranse i agility i dag! Syns vi gjorde det råbra!! 26,5 sekunder og kun 1 vegring på 3 tuneller og 8 hinder! Kjempegøy!! Ally anbefala agilitykurs til alle hunder som liker fart og spenning :)
Kjempegøy å vere med Sunnmøre Hundeklubb sitt agilitykurs! Tusen takk til Marianne og Kristine som er kjempeflinke instruktører! No har vi endelig lov å vere med på trening mandaga og onsdaga kl 18. Denne veka skal vi ha fri men så skal vi nok prøve oss igjen og det gler vi oss til! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|