Hei og hå kor det gikk i helga! Vi reiste altså to tobeinte og to firbeinte heilt ned til Årdal i Sogn og Fordane. Med bobilen og skravletøyet i fullt gir søkte vi lykka på RALLYSTEMNET til Norsk Spaniel Klub avd Sogn og Fjordane.
Iselin og Lexie fekk det dei kom for: ein dundrande flott 1.premiering i sin debut! Eg og Ally var så uheldig å diske laurdag. Skikkelig dumt var det at dommeren ikkje såg at vi hadde ein ligg, men det hadde vi altså viste det seg på filmen i ettertid. Sjølv om eg må innrømme at det var vanskelig så skal vi vere sporty og godta at det dommeren ser, er det som blir dømt og ingenting å gjere med det :P (jada vi tek det med godt humør!!) Søndag fekk vi "kun" 2.premiering, og den må eg nok ta på mi eiga kappe for så mange dobbeltkommandoer har eg vel sjeldan hørt og sett... 169 poeng var altså då 1p for lite for å få 1.premie...då kunne vi fått RL1-tittel på stamtavla! Jaja vi får ny sjangse neste år ;) Det var eit flott arrangement -makan til flott info og service for oss deltagarar har eg ikkje opplevd! All ære til arrangørane! Bobilturen gjekk så bra og vi var heldige med at vinteren ikkje har komt enda og naturen viste si skjønne haustprakt for oss, spesielt på turen heim. Takk for turen Iselin og Lexie!
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
May 2023
Framheva sider:
|