Ein begivenheitsrik dag i dag :)
Vi var på Sunnmøre Hundeklubb sitt sosialiseringstreff i dag etter dyrlegebesøket. Det var kjempekjekt og mange hadde tatt turen. Eg blei til og med intervjua av Sunnmørsposten...hihi. Anemone fekk bli med på litt ringtrening og ro-trening. Bonnie blei med på ro-trening. Ally måtte vente litt så ho fekk bryne seg på litt Rally-lydigheit. Kjempekjekt! Håper at Ålesund kommune gir klubben løyve til å halde til på dette flotte området som er godt egna til mange aktiviteter for hunder og tobeinte og ikkje minst, ligg godt til rette for dei fleste,
0 Comments
Wow, alle tre jentene har havna på lista over Mestvinnende Rally-lydighets Cavalierer i Norge!!!
4.plass på lisje Anemone sin debut, 7.plass på Bonnie 8.plass på Ally Juhuu! Dagens skryt :) Tusen takk til Norsk Cavalierklubb for flott sløyfe til ALLY (Atti's Yasmin) 5 år. Ho har er den 5.mestvinnande rallycavalieren i 2017 og for 3.gong på rad :))))
I dag gjekk det mykje bedre for meg og Ally. Artig at det til og med blei på pallen som nr 3 i tredjeklasse, ei kjempestor klasse med mange deltakere! Poengsummen blei ikkje så høg, men pytt, vi er kjempeglad for 3.premiering og gulesløyfa denne gongen :)
Anemone imponerte av småjentene for ho er visst som mor si, veldig "på" i trening og bane. (litt skal man ha igjen for mammadalt-oppførselen :P) Ho tok enda en 1.premiering på 179poeng i førsteklasse. Bonnie er ei meir sjølvstendig tenkande jente og vi fekk ein del trekk for stram linje i det eg måtte hanke ho inn igjen....kremt...;) Men det blei en flott 2.premiering og blå sløyfe med 167 poeng. Etter i helga så er målet no og få rallytittel på begge dei to flinke småjentene mine. Dei kan så definitivt (berre mor klarer å konsentrere seg ;)) !! Anemone tok 4.plass med 1.premie(188p) i sin rally-lydigheit debut i dag. Bonnie hakk i hel med også 1.premie (182p) på 7.plass. Ally klarte eg å diske ...alt var klart...dette skulle gå vår veg...bana var noke vi kunne klare...
....så gløymte mor å ta av bandet...hallo....ja det går an å vere så fokusert at man gløymer det sjølvsagte. Jaja...det er ny sjangse i morga :D Vi har kosa oss i heile dag for vi er på Sunndalsøra på årets cavaliertreff!
Det har vore konkurranser for små og store og vi har grilla og kosa oss. I morga blir det endp meir pluss ein tur. Ally tok 1.plass på den uoffisielle rally-lydighetskonkurransen og 2.plass i agility. Anemone tok 4.plass og Bonnie 5.plass i rally. Hadde dette vore en offentlig konkurranse så hadde Anemone fått 1.premiering i 1.klasse med 2.plass! Wohoo! Det er "berre" Sunnmøre Hundeklubb sin Cup da men gjett om vi er stolte!!!
Første gong Anemone prøver ei heil bane uten godbit og det gjekk så det suste :D Mor er lettare sjokkskadd HAHA. Bonnie og Ally var også kjempeflinke! Ally diska mor desverre ved å ta ein ekstra og unødvendig gjentagelse,...aj aj... Bonnie tok desverre en sitt bak mors rygg,elles ganske bra men litt ukonsentrert :P Vi har berre å øve til Cup del 3 :) Kvart år blir dei beste cavalierane i kvar sport kåra. For tredje gong er Ally nr 5 på lista over rally-lydigheitscavalierer :)
Vi er stolte!! Her er lista hos cavalierklubben Dette var ein flott dag! Anemone fekk best i rasen og Tassen best i motsatt kjønn. Anemone vart deretter best i gruppe 9 (selskapshunder)!!. Det vil sei at vi fekk gå BIS-finale! Best In Show!
Vi vart ikkje plassert men gjkk ut som nr 5 ;) Dommer: Kjell Rune Røstberg Det var 4 cavalierer der og maaaange kvalper! Så no er eg sprekkferdig av stoltheit!! Rallydebuten gjekk ikkje såå bra da... Eg gjorde desverre slik at Bonnie diska på sin flotte debut i 1.klasse. Eg tok nemlig hendene litt mykje borti lommer og godbiter, huff altså, neste gong skal eg skjerpe meg :P Ally og eg gjekk likeså. Men det var vel litt forventa for 3.klasse er vanskelig altså! Kun ein repetisjon er lov og eg tulla det til så vi brukte fire...woopsie... O:) Tusen takk Unni og Harald for godt selskap og flott jobb med Amaranthus (Tassen)! Slike dager blir då ekstra kjekke ;) Så kjem litt bilder og ein Stikkut-tur på Skaret på veg heim: Enda en flott dag på Sunnmøre Hundeklubb sitt Høststemne på Synes, Vigra :) Ally klarte 184poeng! Det blei 1.premie(raudsløyfe) med 2.pallplass og opprykk til klasse 3!!
Her er nokre bilder:
I dag har Ally endelig fått tittelen sin på stamtavla :) RL1 Atti's Yasmin
Juhuu! Vi klarte det igjen!!
182 poeng! Det vil sei 1.premiering i Rally klasse 2! Vi fekk også 2.plass på pallen med sløyfe og premie! I morga er det andre runde så då føler vi at vi berre kan ta det med ro for dette er knallbra syns vi ;) Her er skrytebilder og ein liten "Stikk-ut"-tur vi fekk med oss på veg heim: |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2023
Framheva sider:
|