Takk for kommetarer alle sammen, det er koseligt og eg lover eg les alle sammen :*
Av og til kjem det meget gode spørsmål også og no følte eg det var på tide å svare også her i ein blogpost på dette som så mange no sitt og bevrer og venter på :) Altså når får man vite? Eg prøver så godt eg kan å lese alle søknader, passe kvalper og jobben min samt hus og heim. Dette vil ta minst ei veke til! Altså eg kjem til å kontakte dei eg vil velge ut innan kvalpane er ca 3 veker. Kor stod dette da lurer du kanskje på no? Med så masse informasjon er det ikkje rart at ting drukner i mengda...men altså, here it goes: Når du søker blir du bedt om å lese "Til vår kvalpekjøper" Der dette står: "Vi tek ikkje imot kvalpeforespørsler før vi skriv om det i bloggen og på kvalpeplaner. Du/dere må komme å besøke oss HER I BRATTVÅG så vi får helse på og pratast FØR det blir tatt fast om ein kvalp skal deg/dere. Det er viktig for oss at vi finn gjensidig tillit som oppdretter og kvalpekjøper og at kvalpen kjem til det vi føler kan vere rett heim. Kvalpen må hentast her og blir ikkje sendt noken stad. Det kan hende vi treng litt tid på å bestemme oss for om vi skal ha ein kvalp sjølv/på foravtale. Men vi prøver å få bestemt oss så fort vi klarer om kva for ein kvalp som skal kvar." Og på søknadskjemaet står dette: "Ver oppmerksom på at: Vi kan ikkje gi noke "ja" for at du /dokke kan kjøpe ein kvalp frå oss før etter vi har hatt ein eventuell kontakt etter dette skjemaet og etter at kvalpane er ein stad mellom 3 til 8 veker. Det kan vere at vi ikkje klarer å bestemme kva for ein heim det blir eller om det blir salg/forvert før etter at kvalpane er omtrent leveringsklare (8 veker). Alle kvalpekjøpere må besøke oss minst to gonger før dei kan få kvalp frå oss (ein gong før henting, og ved henting.) Ved å fylle ut dette skjemaet forplikter du deg til å gi riktig og sann informasjon. Du forplikter du deg IKKJE til å kjøpe kvalp hos oss og vi forplikter oss IKKJE til å selge til deg/dokke. Fortvil ikkje om du synes det er mykje å skrive, det fins ikkje fasitsvar, berre ærlige svar ;) Hvis du ikkje får svar på epost tilbake innan 3 veker så må vi desverre gå ut i fra at du ikkje har blitt valgt ut. Vi vil så langt det er mulig svare alle men det er så stor pågang og manglande svar vil isåfall vere fordi vi må prioritere livet i kvalpekassa denne tida. Det er utrulig stor pågang på kvalp for tida og vi har desverre ikkje kvalp til alle, naturlig nok. Vi ønsker derfor alle som ikkje får svar her lykke til med å finne kvalp ein annan stad. Vi råder alle til å kontakte dei på oppdretterlista i Norsk Cavalierklubb her: https://www.cavalierklubben.no/oppdretterlisten.html" Med over 40 søknader på 6 kvalper så blir det ikkje kvalper til alle og det synes eg er kjempeleit men realiteten. Skulle virkelig ønske eg hadde kunne gitt alle eit positivt svar fordi det er veldig mange gode søknader som har komt inn... Masse lykke til videre på dei som ikkje får svar med meg! Tvi tvi <3 Klem Unni
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|