I dag må vi ha litt kvalpekassebilder, er ikkje dokke enig? :)
Eg er litt letta i dag for det har gått litt trått med vektoppgangen til kvalpane, dei har ikkje lagt på seg så mykje som dei burde. Anemone har brukt litt tid på å få fram nok melk (noke som for så vidt ikkje er uvanlig -spesielt med så stort kull) så eg har fora ho med alt ho berre kunne ønske seg å ete og håper den kjem flommande i strømmer. Hønsesuppe, kjøttdeig, egg, babyfor og morsmelkstillegg, nom nom.... og joda i går og spesielt i dag så har magane deira blitt litt rundare. Puhh! Det er ikkje uvanlig at kvalper kan svinne hen i denne sårbare første tida så dette var godt <3
10 Comments
Til deg som vil ha kvalp hos Kystcavalieren!
Håper du har lest "Til vår kvalpekjøper" før du starter å fylle ut søknadskjema for kvalp. Etter den store pågangen av kvalpehenvendelser så håper eg på forståelse for at vi ikkje kan levere kvalp til alle. Tross for dette håper eg du tek deg god tid til å svare på skjemaet og alle vil bli vurdert. Meir info finn du på skjemaet. EDIT: har du svart på skjemaet og får «takk for at du svarte på undersøkelsen» med det samme du er ferdig, så er alt ok. Lykke til i leitinga etter cavalierkvalp enten det blir her eller der :* Klem frå oss Endelig kom det store kullet vi har venta på :) Anemone fødte 6 fine kvalper natt til den 11.november 2020, sjølvaste bursdagen til Brattvågen! 2 guter og 4 jenter, alle nydelig perfekt tegna. Vi vil sjølve ha att ei av tispene. No treng vi fred og ro og det er absolutt ein heildagsjobb å passe på at alle kvalpane får ein god pupp kvar. Straks legg eg ut KVALPESØKNADs skjemaet her i bloggen så alle som føler dei kan bli cavalierforeldre kan få søkt. Slik gjekk det altså: Natt til dag 59 kom dei. Vatnet gikk kl 22:30 men første rie kom ikkje før kl 02:35. Ho pesa litt og gravde litt men var igrunn ganske rolig bortsett fra minst 10 turer ut for å gjere frå seg. Men inne i varmen, rett før pressriene kom så peip ho litt, litt redd kanskje. Første, ei lita jente på 136 gram kom med rumpa til verda kl 3:00. Heile 4,5 timer etter vatnet gikk! Det var rett før eg ringte dyrlegen slik som ein bør gjere hvis ikkje det skjer noke på 2-4 timer etter at vatnet har gått. Men sidan ho var så rolig og tempen ikkje var så høg enda (37,3 kl 00:30) så venta vi tålmodig på riene. Ho gjorde igrunn alt etter boka, gravde og pesa så sov litt før ho starta på igjen å grave og pese. Skulle ikkje tru ho hadde gjort anna for ho tok seg av ho heilt profft med ein gong. Jenta blei slikka og navlestrengen bitt av. Utrulig at lisje Anemonejenta no har blitt så stor og flink mor <3 Kl 4:02 kom ein gut på 195 gram, då kom eit lite skrik også for denne var jo større enn den første! 40 min etter kom jente nr 2, også med rumpa først og med ein liten kverv i luggen. Kl 5:30 kom ein lyst tegna gut, også med rumpa til verda først, og med ein fin lang spot på toppen.
Anemone måtte deretter ut og tisse og kva trur dokke? Jau, der kom raskt ei nydelig jente med spot til verda rett i hendene på mor med lommelykt og tøfler i duskregnet. Godt var det da at vi har hørt på alle råda med å ikkje sleppe ei fulldrektig tispe ut utan full kontroll :O Kl 7:25 kom den siste tispa også ho med den etterlengta fine spotten på toppen! Alle sammen dia til slutt og klokka hadde bikka 7:45. Matmor er letta og mor er trøtt. For ei lykke i heimen <3
Og Anemone er blitt stor og god. Det er litt sukk og stønn når ho skal legge seg ned eller kose, så det er ingen tvil at det er tungt for ho no dei siste dagane av drektigheita. No skal ho for det meste ruge, ete og kvile....
Ho er ca 55 cm rundt på det tjukkaste no på dag 53 inn i den åttande veka. Ho har lagt på seg ca 1,7 kg og røntgen viser 6 kvalper i magen. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|