Så fekk vi eit innfall av bakelyst. Vi googla etter oppskrift på hundekjeks...der fins ein del der ute. Men vi fann ikkje noke som passa til det vi hadde i skapa akkurat no så då laga vi likegodt ei oppskrift sjølv! Oppskrift Hundekjeks med gulrot: 1 dl mjøl 1 dl havremjøl -bland i ein bolle. 1 dl ferdig utblanda lunka hønsebuljong i eit litermål... 1 egg -pisk lett i buljongen med ein gaffel. 1 ss maisolje -bland alt i bollen. 1 lita gulrot -rasp den i deigen og bland. Tilpass ev. med meir mjøl. Dette blir ei seig klissete blanding... Eg brukte litt vatn på fingrane og forma små (10cm) bein. Steik i ovnen på 225 grader i 20 min. Åpne ovnen og lat stå i 10 min til, -avkjøl og oppbevar i ei boks nokre dager/veker. Det ser ut til at Ally likte dei godt:
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
December 2019
|