Her i huset er vi ganske så slappe i den deilige sommervarmen :) Eg blander litt vatn i maten til kvalpane sånn at eg er sikker på dei får i seg nok væske. Dei får RC Starter Mousse som dei slurper i seg. Dei vaksne får restane iblanda litt vatn slik at eg lurer i dei også litt ekstra væske ;) Dei vaksne får gjerne agurk, gulrot og vannmelon, men av og til vil dei ikkje ha... Eg har kokt ei høne og fryst ned hønsebuljongen(uten salt) i isbiter nettopp til slike varme sommerdager. Det får dei enten til å tygge på eller eg legg dei i ei skål med vatn, og dei digger det. Andre godiser er isbiter med leverposteivatn...nomnom! På hytta vår er det veldig varmt. Der har vi barnebasseng fylt med vann som dei kan kjøle seg litt i. Mine liker ikkje å bade noke særlig men dei vasser litt hvis der er godbiter oppi...til nød ;)
Har hørt om folk som kjøper vannfontene og at det er suksess i nokre veker før det ikkje er så spennande lengre...kanskje bortkasta penger? Ein ting vi ser er at kjølematter blir hyppig brukt av andre cavalierer...kanskje vi også investerer i ei sånn snart... Andre ting man kan gjere om det virkelig er varmt er å gi lunka vann i ei engangsspøryte rett i munnen( men er strengt tatt ikkje nødvendig anna enn om det er sjuke hunder eller ekstreme stader/stress/utstilling osv). Pass på at dei alltid har vann og skugge og kan avkjøle potane som er den einaste plassen dei sveitter utenom munnen/tunga ved pesing. Våte handduker kan vere gode å ligge på eller å ha over seg. EIn dusj er også godt. Litt vom og våtfor er også godt å blande i eller erstatte med tørrfor. På desse varme dagane går vi ikkje turer på dagtid. Kun i hagen tusler dei inn og ut som dei vil og der har dei også deilig skugge. Mine varmetilbedarar ligg gjerne rett ut i sola og peser litt heller enn skugge ;) Men då har dei i allefall valgt det sjølv ;) Ellers...husk... Ikkje gå på varm asfalt Aldri ligg i varm bil Forsiktig med bading i stilleståande vann (alger) Gå turane på morgon, kveld eller natt :)
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|