Det er så mange som fortsatt sender mail og ringer ang kvalp. No har 4 personer fått valget om at dei kan kommme hit på besøk og så får vi sjå. Mest sannsynlig er då alle 4 kvalpane solgte.
Hvis det skulle vise seg at det blir ein ledig så vil eg skrive det her på heimesida at vi åpner for nye forespørsler -ikkje før ;) Grunnen til det er kapasitet! Klok av skade så kjem eg ikkje til å åpne for å søke etter kvalp hos oss før kvalpane er fødde ved neste kull (planlagd ca mars 2020). Eg har fått til no 50 henvendelser ang kvalp.... DET er mange å sjekke ut! Eg sender altså ingen kvalper ut i den store vide verda uten at menneska først kjem hit og besøker oss. Av alle desse 50 var det 1/3 som ville ha tispe 1/3 har eg skjønt via FB har fått ein annan kvalp. Og nesten 1/3 har ikkje svart eller svart nei takk av diverse grunner. Då har eg skjønt at eg har kasta bort en god del tid på å finne ut kven folk er... Det er tid eg har lyst å bruke på andre ting ;) Så då ber eg derfor kvalpekjøpere om.....les dette sånn at dokke veit bakgrunnen. RIng meg gjerne for ein prat men det er kjekt om dokke veit korleis ståda er no for tida ;) Send meg gjerne mail og presanter dokke sjølve..... men les her og vit kva vi ønsker av våre kvalpekjøpere slik at vi begge parter sparer tid. Men vit at svaret eg kjem til å gi er det samme som står her. Eg har ikkje venteliste, det vil eg ikkje ha kapasitet til. Om du vil ha kvalp så må du vente til eg åpner for ny ledig kvalp eller nytt kull i 2020. Takk for at du gadd å lese dette og forstår at eg ikkje er ei mailmaskin men ei dame med hjerte for hunder som har lyst å bruke tida si på dei :*
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|