Då er A-kullet 8 veker gamle og leveringsklare. Amaranthus og Aster har fått nye heimer og Anemone blir her hos oss. I morgo reiser den første.... I dag har vi vore på Ålesund Dyreklinikk for ein sjekk og alt var heilt fint :) Amaranthus (som selvfølgelig er den som ikkje vises på bildet for han søv nedi vognburet) har ikkje fått ned begge steinane, men vi håper den kjem ned fort. Aster hadde perfekt kjeve men framtenne nede stod litt over dei oppe, men ingen fare, slikt retter seg heilt sikkert. Dei veg no 2,2kg (Anemone) 2,46kg (Amaranthus) og 2,7kg (Aster). Vaksina tok dei med fatning. Men gutta hylte då dei fekk chippen i nakken. Trøsta vart godbit og kos og vi vart nok tilgitt. Mange inntrykk denne dagen med tur til både veterinær og Oldeforeldre sin 70 års bryllupsdag! Ally gir dei av og til ein liten melkeskvett, men ho har avvent dei i tre veker allereie så dette er nok berre litt bonus. Ho har rikelig med melk i pattane enda og ho er ei veldig god mor. Passer dei og steller dei, og no har ho tødd litt meir opp og det er meir fart i ho når ho leiker med dei. "Tante" Bonnie tek det å vere tante veldig seriøst og leiker med dei og hjelper til med å passe på dei heile tida. Ho har vore gull verdt for Ally denne tida.
Kvalpane er så flinke og søv no heile natta (muligens litt piping av og til), og om morgonen er det rett ut på plena i full fart for å tisse og bæsje(synkront!) :) Dei et ca 40-50 gram tørrfor kvar iblanda litt våtfor(vom) på kvart måltid ca 4 gonger om dagen. No er det nesten berre RC Junior att. Vi har gitt dei RC Starter tidligare og no er det ganske utspedd med Junior. Ally et opp alle rester og får også mykje Starter og Junior-for. Ho kan godt legge på seg meir ei stund til. Pelsen hennar er nesten forsvunne (i tattane?) og vi ser heilt inn på huda...så lite pels har ho aldri hatt før... Ho får mykje ekstra snadder (egg, kjøttdeig o.l) for å bygge seg opp. Eg ser no at ho godt kunne fått meir tidligare... Ho har ete dobbelt så mykje som ho vanlig et i det siste! Ja det tek på å vere mor...
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|