Tenk at det no er berre ei veke til brødrene her får seg nye heimer...tida går alt for fort når ein koser seg. Tante Bonnie er blitt ein flink fredsmegler når to av dei slest litt....som regel er det Aster og Anemone ;) Amaranthus tek seg heller ein tur bort og undersøker noke heilt anna i fred og ro. Når dei blir plassert i bingen er det Aster som framleis har den sterkaste stemma men Anemone er hakk i hel. Like mamman sin dei ;) I dag har eg begynt å blande litt Junior RC for i babyforet slik at dei skal vere godt rusta til å ete Juniorfor når dei flytter. Kvalpepakkane har komt, men litt meir enn niste skal pakkast i dei før dei dreg ut i den store verda på eventyr. I går starta eg grasklipperen litt og det var litt skummelt... i dag berre kika dei på meg... skal tru kva som skjer i morga... Her er det framskritt kvar dag :)
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
January 2021
|