Vi har ein ledig blenheimhanne ("Aster") som vi leiter etter den rette heimen.. I skrivande stund har vi nettopp ein kvalpekjøper som har trekt seg så då er Aster ledig!
Fleire har vore interessert...ja veldig mange faktisk :) Men når det kjem til at besøksdato har komt så er det fleire som har gløymt å seie i frå om at dei har fått seg ein annan kvalp eller ikkje interessert lengre. Det er jo heilt greit det men det er fint å få beskjed så fort som mulig...eg har berre nokre få veker på å finne ein god heim. Kvalpestell tek mykje av tida mi og eg vil gjerne lære mest mulig om kva kvar kvalpekjøper har å tilby før eg bestemmer kvar den skal. Det beste tidspunktet for overlevering er nemlig 8 veker , då knytter kvalpen seg lett til andre og får ein god start i livet. Kanskje har eg mange krav, men for meg er det viktigare å finne rett heim til våre kjære små... ❤ Søknadskjema PS! Eg har ikkje venteliste og har ikkje kapasitet/lyst til å lage ei (nettopp av grunnen over her). Dei som vil får følge med i blogg, FB og instagram ;)
1 Comment
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
February 2021
|