Neida...det er berre ein kosebamse trikolor og lille Cassie <3 No er dei omtrent samme størrelse :)
Cassie er ei skikkelig kosejente. Ho er lett å ha med å gjere, snill og oppmerksom. Akkurat no har Anemone løpetid og Cassie synes ho er litt dum å leike med av og til for ho skjøner ikkje alltid kva Anemone leiker.... (kremt....det er vel humpeleiken) Så derfor har Cassie lagt sin elsk på gamlemor Ally på 9,5 år og dei leiker dagen lang. Ally er kjempeglad så lenge leiken betyr at ho kan knurre litt og få det som ho vil...nemlig slikke og pusse og vaske fjeset til Cassie :P Cassie elsker oppmerksomheit uansett form så alle er fornøgd... hihi. Cassie et godt og er mykje lettare å få til å ete opp maten sin enn Anemone og Ally var. Men det er lettare å få dei til å ete når dei er fleire i lag enn ein. Når vi går tur er Cassie skikkelig flink og det har ho vore frå dag en. Anemone med si løpetid er litt skrullete og dreg i bandet for tida men det håper vi går over ganske snart :P Men no er ikkje vi kjent for å få fint i band anna enn når vi trener lydigheit og rally da..... Her får hundane snuse på det dei vil i grøftekantane når vi går tur. Naboane syns sikkert vi er skikkelig snåle som står og glor i ei grøft meir enn vi går men sånn er det når man vil få godt utbytte av turen sin....."avisa" må lesast nøye :) Lar du hunden din få snuse og lese alle dagens avisinnlegg?
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|