Det er ikkje så lett dette å finne ein hannhund som passer mi Ally. Då eg starta trudde eg at dette skulle vere lett. Det har eg måtte tenke om igjen….grundig. Ein ting er at sidan eg bur på Nordvestlandet så er det få / ingen (?) eller i alle fall veldig vanskelig å oppdrive passande hannhunder! Her er ingen oppdrettere som er godkjente i raseklubben Norsk Cavalierklubb. Her finns jo nokre, det har eg fått med meg. Men dei er altså ikkje godkjende fordi dei enten ikkje har prøvd å bli godkjend, eller at dei avler utanfor avlsretninglinjene til klubben. Eg syns ikkje avlsretningslinjene til raseklubben er strenge i det heile tatt og har bestemt meg for at dei skal i alle fall følgast i mitt oppdrett (om det no ein gong kan bli…). Det viktigaste for meg er å vidareføre friske sunne hunder som bidrar til at Cavalieren får ei betre helse! Dei har jo som kjent dette med hjerte som vi jo må gjere noke med, samt andre mindre utfordringer (som dei fleste andre hunder og raser). Så har vi dette med at verken i raseklubben eller andre stader finn vi hannhundlister. Kvar skal vi så leite? Eg har jo etter kvart blitt kjend med flotte menneske i miljøet og har spurt meg omkring (er langt frå ferdig med det). Fleire har tipsa meg om gode hunder… men hittil så har det enten vore ditt eller så datt som gjer at dei ikkje har passa…det er jo så mange ting å passe på:
Puh…dette var eit lite hjertesukk samtidig mi eiga påminning om kva eg har vidare å gjere. Håper du også lærte noke, eller kanskje du ser at eg mangler noke? Då håper eg i alle fall du gir meg tips og råd! Det ville eg satt stor pris på :) Så kva gjer eg med Ally og løpetida som kjem i slutten av januar…? Tja. Eg hadde håpa at eg slapp å køyre 150 mil midtvinters. Er det mulig å finne ein hanne innan ein radius på 5 timer mon tru? Herifrå så blir det da sånn ca Trondheim, Tynset, Hamar, Sogndal, Florø som er smertegrensa… Kan det finnast ein hanne for Ally her omkring? Det er jo så mange flotte oppdrettere rundt om…kanskje dei har seld ein hanne til noken nærmare her som ikkje har fått prøvd deg i avl enda? Kanskje har han søsken som er avla på og det har gitt flott resultat? Tja, eg kan berre håpe at eg klarer å finne nåla i høystakken snart … Har du tips til meg så ikkje nøl med å sende meg eit pip! Her i bloggen, eller på telefon 95 08 89 22, eller på mail ( [email protected] ), eller på Facebook.
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|