Hurra for deg BONNIE!
Gratulerer med dine første 2 år!! Bonnie er ei herlig tulle på 8 kilo. Kosete og liker og fjase og lage herlige kosegryntepipelyder som om ho var i stemmeskiftet :P Ho er forsiktig og ettertenksom, men nysgjerrig og full av pågangsmot. Ho bjeffer aldri uten at det virkelig er fare på ferde…som for eksempel ein ballong! Ballonger er det skumlaste ho veit om som kan komme inn i stua. Då kjem villdyret fram, for jakte på den, ja det er klart at ho skal! Når ho leiker seg så blir ho veldig vokal og rare lyder og små høge bjeff kan forekomme. Eg blei nesten sjokkert då ho plutselig begynte å bjeffe ein dag vi vart litt voldsomme i leiken. Ho hadde nemlig vore heilt still så å seie det heile første leveåret :) Bonnie blei «tante» i ein alder av 6 mnd, ei oppgåve ho tok med stort alvor og forsiktigheit. Eg er sikker på at det er Bonnie si fortjeneste at Anemone er så mild i sitt vesen. Dei leiker seg gjerne i lag, favoritten er vel koseleiking i sofaen med open tanngard og artige lyder. Elles er Bonnie eit tenkande sjølvstendig vesen. Ho har ein eigen vilje når det gjeld å gå ut i regnver for kveldens siste tissing i hagen. Då må ho nok lokkast litt kan man sei… Merkelig dette med våte poter altså….for elles så er ikkje ho fremmed for å vasse litt og klaske uti ei våt gjørmemyr. TV-titting er heilt fin aktivitet syns ho, men det må vere noke frå naturen for å fange interessa. Då ser du ho sitt og tenker…ørene går litt opp og litt ned….augene blir litt store og så litt små…skal tru kva ho tenker på. For tenke det gjer ho! Ho er meir sjølvstendig enn dei to andre. Om ho har det godt og deilig i sofaen så treng ikkje ho å sprette opp og følgje med meg når det er noke eg skal. Då har ho det heilt fint der ho ligg og kan godt vere åleine. Men hvis vi skramler med nokre matfat… Ho har enorm appetitt og drøymer stadig om femretters middag ;) Mor har funne nokre rare matskåler slik at matstunda skal vare meir enn i 10 sekund ;)
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|