I dag fekk Anemone gå ei lita stund i band sammen med Ally og Bonnie. Dei gjekk max 10 min i lag slik så det ikkje skulle bli for mykje for lisje Anemone sånn til og begynne med.
Det er viktig for kroppen at ikkje kvalper må gå for langt i band. Spesielt når det er på asfalt, i bratte bakker eller på anna underlag. Når det er vi som bestemmer fart og lengde så er det ikkje så godt for ein liten kvalp å klare å seie i fra om noke er ubehagelig eller vondt. Desse små tassane gjer jo alt for oss og syns vi er verdens beste folk dei må tilfredsstille. Dei vil jo heller ikkje bli forlatt og elsker å vere der vi er. Dei klarer ikkje alltid å skjønne at dei blir slitne eller går for langt. Så må vi passe på at dei får nok søvn og kvile. Når det er sagt er det viktig med hopp og sprett og tjo og hei på deira egne premisser. Leiker dei seg utan band så tek dei sjølv dei pausene dei treng. Pass på at dei har variert underlag og unngå glatte gulv. Trude Rugaas har ein god regel for "trim": OBS dette gjeld fysisk trening (trim) som feks tur i band på asfalt eller skiløype som blir "tvungen", ikkje egen leik og herjing på kvalpens egne premisser: Valp inntil 3 mnd: Ingen. Bare utforskning. 3 mnd: ca. 10-15 minutter maks. 4 mnd: ca. 15-20 minutter maks. 5 mnd: ca. 20-25 minutter maks. Husk altså at dette kun er veiledende og kun for aktiv mosjon. Kvalpen kan sjølvsagt (og bør!) leike og styre på som den sjølv orker berre den har anledning til å sjølv sette seg/pause når den vil. Det er først når vi tek på band og går og går at ein bør tenke seg om for dei minste :) Her er eit bilde av trioen på tur og litt av kvart:
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|