Det er få gonger at det lønner seg å ha eit kvalpekull for å tjene penger. Sjå berre korleis dette regnestykket blir:
Kvalpeprisen på Cavalier er frå 2015 gått opp til 14000 kr 4 valper à 14000 kr = 56000 kr Små hunderaser får ofte mindre kull enn store hunderaser. Tispa må være vaksinert, helseundersøkt, øyenlyst og premiert. Det går ca -2000 kr til HD, AD. Vaksine og kontroll - 500 kr.- 900 kr til øyelysning. - 1500 kr til hjerteundersøkelse som Cavalierklubben anbefaler. Utstilling kan bli dyrt, spesielt for oss på Nordvestlandet då her ikkje er så mange og vi reiser langt. Men hvis vi held oss til dei lokale så er gjennomsnittet for 3 utstillinger med reise og påmeldingsavgift ca - 5000 kr. Cavalierklubben anbefaler at tispa skal minst ha excellent eller Very Good ved avl. Ein hannhundeigar vil kanskje ha 2500 kr for paring og 2000 kr pr levande kvalp etter 3 veker = - 10500 kr Tispa og oppdretter skal kanskje ha ekstra mat og utstyr i heimen. Kanskje kan dette vere ca - 5000 kr Dyrlegen skal ha sitt for veterinærkontroll og ID-merking og kennelklubben skal ha sitt for registrering. Dette kan komme på ca - 10000 kr Her under kjem det kanskje eit ekstra veterinærbesøk og ormekurer til alle kvalpane. Då har vi eit reknestykke slik: 56000 -2000 -500 -900 -1500 -5000 -10500 -10000 =26600 kr Så for moro skuld hvis ein skal regne timesbetaling kan 4 timer (ein bruker sjølvsagt meir enn dette ) kvar dag i 8 veker så blir det 224 timer. Då blir det ei timesbetaling på ca 119 kr... Og det er berre hvis ein er så heldig at alt går heilt etter boka. Eg har heller ikkje tatt med forsikring, oppdretterskulen eg har gått i Oslo osb.. Hvis ein må ha eit ekstra veterinærbesøk, fødselshjelp eller keisersnitt så kan ein jo fort sjå at det fins andre yrker ein bør vurdere.... Eg har heller ikkje rekna med progesterontester, ultralyd, røntgen ...dette kan fort komme på 3000 kr. Ei heller reise til og frå ein hannhund. Fly, hotell...? Fri frå jobb til paringstur og kvalpestell? ...der rauk overskuddet fort gitt. Min konklusjon er at dette gjer ein kun hvis ein er litt gal og heilt hekta på hund :) *** Så vil eg kome med eit hjertesukk... Håper at alle som vurderer å få seg hund ikkje støtter opp om useriøse oppdrettere slik at desse tjener penger på å spy ut kvalper etter avlsdyr som ikke har dei helseundersøkelsene dei burde ha og/eller objektive bedømmelser frå prøver og utstilling. Dersom useriøse oppdrettere får selge kvalper utan ein viss kontroll (uten stamtavler/ registrering i NKK/ skikkelige helseundersøkelser) vil dette få stadig fleire useriøse oppdrettere på markedet, mens dei som er seriøse tjener like lite som tidligere....
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|