I kveld kom det to små guter til verda hos Kystcavalieren. Oppblokkinga starta vel kvelden før med graving i tepper og kasse. Første riene kom kl 19:10 og den første trikolor guten på 258 gram kom til verda kl 20:05. Han måtte ha litt drahjep ut men det gikk greit. Han kom nemlig i setefødsel, altså med bakbeina først, men ikkje nok med det, han kom "opp-ned" med magen oppover :O Godt er det når det skjer sånne rare ting at man har gode mentorer man berre kan ringe på messenger og bli guida igjennom heile prosessen. Eg kan ikkje få takka nok for det betyr sååå innmari mykje å ha støttande ord og råd .... klem til dokke mine oppdrettervenna :*
Anemone var kjempeflink og rolig heile tida og tok merkelig nok det heile med god mamma-ro og eit lite au. Den neste var ein blenheimgut som fødtes kl 21:15, han også setefødsel. Han var en stor gut på 278 gram så han måtte også ha litt drahjelp og heldigvis gjekk det veldig fint til slutt. Det tok jo si tid så han var litt blå då han kom ut og eg måtte jobbe litt for at han skulle få pusten i gong. Skal sei det er deilig å høyre nokre gode innpust etter nokre minutt med massering og fostervannsutsuginger. Puuuhhhh no ligg dei begge og drikk dei første råmelkedråpane som er så viktige <3
2 Comments
Gunn
30/6/2022 21:13:56
Så nydelige🥰🥰
Reply
Elisabeth Steingrimsen
4/7/2022 00:14:34
Så flink mamma Anemone er! Og så flotte gutter💙💙Masse lykke til! 🍼🐶🍼
Reply
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|