Av og til når vi har lyst så inviterer vi småhunder i Haram til treff her og der. Denne gongen var det ved Alvestad tursti, oppe på ei lyngslette i dalen. Alle kosa seg og hundane gjekk veldig godt i lag :)
Takk for turen!
0 Comments
I dag har vi hatt besøk av Kystcavalierens Amaranthus den førstefødte, godt kjend som Tassen <3
Eros og Noah også sjølvsagt :') To og firbeinte har kost seg i vårsola her på hyttå :) Bonnie og Anemone fekk vere med på eit småhundtreff hos Nebb og Klør på Skodje i helga. Det kjekkaste var absolutt at vi traff Tassen og gjengen igjen :-*
Vi har vore på tur i helga med bobilen! Først var det Cavalieroppdrettermøte på Olavsgård der vi møtte mange kjende cavaliervenner! Så reiste vi til Holmestrand og besøkte halvsøster til Anemone; søte Zara og familien. Kjempekoselig!! På heimturen dro vi innom Isfjorden og besøkte bror Tassen & Co! Herlig med hundetreff og gode venner <3 Tusen takk for oss!! I dag var vi så heldige å få besøk av kjekke folk og søte Klara, søster til Bonnie!
Første møtet vart kaotisk og spennandes for alle fire firbeinte. Men Bonnie og Klara hadde tydelige samtaler der dei kjende kvarandre igjen. Ikkje sikkert dei husker så godt, men eit eller anna hadde dei tydelig samtale om... <3 Dei to jentene er veldig like i veremåte, forsiktige og milde. Dådyrblikk og tankefulle. Litt klumsete og med samme gange. Klara er litt lavare enn Bonnie og har nok det søtaste ansiktet og dei lengste øyrene ;) Begge er glupske når det kjem til mat og godbitane forsvinn med eit svusj! Dette var fole kjekt! Håper vi treffes snart igjen :) I dag har vi hatt det kjempekjekt! Amaranthus møtte brødrene sine for første gong!
Birk(trikolor), Eros og Noah! Dei var nok mest opptatt av Ally, men dei små var ganske så spennandes til tider :) Om eit par veker så kjem dei og henter Amaranthus så då flytter han heim til Isfjorden for godt <3 I dag har mamsen og Bonnie kosa seg på småhundtreff i Skodje. Ally måtte bli heime for ho er høgløpsk og det hadde nok berre vorte stress til hannhundane.
Det kom over ti hunder så dette var kjempegøy!! Bonnie går rett på med sunn skepsis til dei fleste hunder. Med halen vispande under seg og tunga ut for å slikke så sjarmerer ho seg inn på dei fleste. Ho er tydelig i sitt språk at ho ikkje er farlig der ho legg seg ned og gjer seg lita og søt. Herlig å sjå kor dei prater med kvarandre og finn leikekompiser både her og der. Mamsen syns at ho hadde nok med ein halvtime i duskregn og kaldt ver... det var ikkje Bonnie enig i og nekta å gå inn i bilen etterpå... :P Hvis du er i nærheita og har lyst til å vere med så følg med Nebb & Klør (Veterinær) på Facebook. Det kjem til å komme fleire treff ca ein gong i månaden :) Kjempegøy på Cavaliertreff i Ålesund i går!
Trur det var over tjue cavalierer så det må vere ny rekord :) Ally fekk seg sjølvsagt ein beundrer (Rambo) men ho tok det ganske så forsiktig. Etter nokre minutt var isen brutt og det var fole kjekt å springe i lag og snuse rundt på marka. På slutten leika ho sisten med søte tricolor Lexie mens Lucy helst vil sjå på oppe frå bordet ;) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|