|
En liten minibobiltur til Valldal for å treffe Luna <3 Sjå kor lik ho har blitt mamma Anemone ( i midten) <3 Bestemor Ally til høgre og Bonnie bak ;) I dag fekk vi besøk av Luna <3 Frøya kom også på besøk (coronavennlig og berre ute) og det blei hurrameghei og livåt kan man sei :D Det er så kjekt å gå tur sammen med andre av og til. Vi fekk helse på herlige Elvis igjen og han var iallefall overlykkelig for å springe laus sammen med så mange damer + ein annan herremann.
Tusen takk for turen Kairo, Elvis, Ally, Bonnie, Anemone, Rosa og Linn :) Vi gler oss allereie til neste tur og kanskje vi er så heldige å få litt meir dagslys! Av og til så lager eg til eit småhundtreff slik at små firbeinte trygt kan gå turer i lag og bygge vennskap og sosialisere seg med andre :)
Denne mandagen fekk vi endelig opplettsver og det var 8 små hunder som fekk gå ein fin tur i lag. Eg trur vi tobeinte kosa oss minst like mykje og :) I dag var det hundetreff på Hellandbana. Sunnmøre Hundeklubb avdeling Haram held til her ,og det er innegjerda (iallefall nesten no), slik at dei kan få springe og leike fritt i desse bandtvangtider. Vi kom jo i avisa gitt...hihi. Det eg fekk sagt ... (etter full panikk i mitt indre av å få spørsmål av ein journalist sånn heilt plutselig) ...var igrunn noke som eg syns er veldig viktig!
Det les eg akkurat om også for eg tek endå eit kurs hos HunomHund-Emma; "Adferdsbiologi2". I heimelekse les eg bladet "Tufts Now" at Temlpe Grandin snakker om det at vi gjer hundane våre ei bjørnetjeneste. Ironisk nok ( i dobbel forstand...tok du den?, hehe) når hunden stammer frå ulven så er den alikevel ein eigen rase og ulik. Kort fortalt frå artikkelen: "Mange studier er gjort for å sammenligne ulv og hund. Ulven er opptatt med å løyse problemer mens hunden er opptatt av å få hjelp av oss. Vi har gjort hunden hyper-sosial, og med dagens strenge båndtvang-lover får ikkje hundane lov å vere det. Han meiner at hundande lir under dette og det er årsaken til mange problemer hundane får i samfunnet." Derfor var min beskjed i Sunnmørsposten at: Sunnmøre Hundeklubb sitt område er viktig for samfunnet. Uten ein plass å møtest, leike, trene og sosialisere mister hundane evna til å opptre korrekt i samfunnet ellers! Ein begivenheitsrik dag i dag :)
Vi var på Sunnmøre Hundeklubb sitt sosialiseringstreff i dag etter dyrlegebesøket. Det var kjempekjekt og mange hadde tatt turen. Eg blei til og med intervjua av Sunnmørsposten...hihi. Anemone fekk bli med på litt ringtrening og ro-trening. Bonnie blei med på ro-trening. Ally måtte vente litt så ho fekk bryne seg på litt Rally-lydigheit. Kjempekjekt! Håper at Ålesund kommune gir klubben løyve til å halde til på dette flotte området som er godt egna til mange aktiviteter for hunder og tobeinte og ikkje minst, ligg godt til rette for dei fleste, |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
juni 2026
Framheva sider:
|

























































































































































































RSS-feed