Trur dokke ikkje at sjølvaste nissen kom på besøk til naboungane i dag tidlig!!! Han hadde med seg mange gåver og det var mykje prat og latter. Han hadde mykje å gi frå seg og mykje å prate om og då han gjekk var det med mykje spetakkel og brak ned trappa...håper det gjekk bra med han ;)
Ellers er det ein stille julemorgen og når man er så heldig at man kan gå rett til dekka bord på julaftan til mamma og pappa då kan man tillate seg å kose seg med å lage julemat til fuglane. Novar det berre så vidt den var nok stiv men eg fekk hengt opp en til jul :) God jul alle sammen!
1 Comment
Det høyrer med til historia at Ally blei knepet på fersken i å stå i vinduskarmen på kjøkkenet....hjertet vart dermed heist opp en etasje ;)
I kveld har mamsen laga hundekjeks og i morga blir det å smake ;)
Det blei nemlig litt seint i kveld og små hunder har lagt seg. ....men det har ikkje små nisser. ....Elf On The Shelf is back in town! Trur du ikkje han tok og åt opp ein av kjeksane? Frekkingen! Desse tre skal sleppe å kle seg ut i kveld. Vi er opptatt av godbiter kvar gong det ringer på døra og dei er rolige og snille så drysser det ned. Søte små nifse kropper kjem gjevnlig på døra denne dagen så vi er godt forberedt med slitne hunder etter tur og godbiter for ringeklokka ;)
PS! Pass på hvis du har ein hund som er skeptisk til andre. Denne dagen med skumle mørke typer ute kan få mang ein liten kropp til å få kalde grøss....og for dei firbeinte er det blodig alvor og dei blir faktisk ekte redde... Hvis du lurer på kva bursdagskaka var i går så kan eg avsløre det ;)
Eg røra i hop et egg, en liten desj vatn, ei halv gulrot, 2 spisesjeier skinke tubeost, 3 spisesjeier mjøl og ei kvart teskjei bakepulver. Dette fordelte eg i 3 muffinsformer og microveiva i 1,5 minutt på full hyler. Avkjøl og pynt med godbitbein og lys. OBS!! Pass på om du har ein slukhals så ta av papiret først!!! Her i huset er vi ganske så slappe i den deilige sommervarmen :) Eg blander litt vatn i maten til kvalpane sånn at eg er sikker på dei får i seg nok væske. Dei får RC Starter Mousse som dei slurper i seg. Dei vaksne får restane iblanda litt vatn slik at eg lurer i dei også litt ekstra væske ;) Dei vaksne får gjerne agurk, gulrot og vannmelon, men av og til vil dei ikkje ha... Eg har kokt ei høne og fryst ned hønsebuljongen(uten salt) i isbiter nettopp til slike varme sommerdager. Det får dei enten til å tygge på eller eg legg dei i ei skål med vatn, og dei digger det. Andre godiser er isbiter med leverposteivatn...nomnom! På hytta vår er det veldig varmt. Der har vi barnebasseng fylt med vann som dei kan kjøle seg litt i. Mine liker ikkje å bade noke særlig men dei vasser litt hvis der er godbiter oppi...til nød ;)
Har hørt om folk som kjøper vannfontene og at det er suksess i nokre veker før det ikkje er så spennande lengre...kanskje bortkasta penger? Ein ting vi ser er at kjølematter blir hyppig brukt av andre cavalierer...kanskje vi også investerer i ei sånn snart... Andre ting man kan gjere om det virkelig er varmt er å gi lunka vann i ei engangsspøryte rett i munnen( men er strengt tatt ikkje nødvendig anna enn om det er sjuke hunder eller ekstreme stader/stress/utstilling osv). Pass på at dei alltid har vann og skugge og kan avkjøle potane som er den einaste plassen dei sveitter utenom munnen/tunga ved pesing. Våte handduker kan vere gode å ligge på eller å ha over seg. EIn dusj er også godt. Litt vom og våtfor er også godt å blande i eller erstatte med tørrfor. På desse varme dagane går vi ikkje turer på dagtid. Kun i hagen tusler dei inn og ut som dei vil og der har dei også deilig skugge. Mine varmetilbedarar ligg gjerne rett ut i sola og peser litt heller enn skugge ;) Men då har dei i allefall valgt det sjølv ;) Ellers...husk... Ikkje gå på varm asfalt Aldri ligg i varm bil Forsiktig med bading i stilleståande vann (alger) Gå turane på morgon, kveld eller natt :) Når mor er blitt skikklig forkjøla så må jentene får seg noke ekstra å bryne seg på.... Her er brukt do-/tørkeruller, gamle kluter stappa oppi med godbiter....tredd på ein tråd og festa godt på begge sider i passe høgde. Tidsforbruk; 7 min. Artig :) Ein halvtime seinare har Bonnie gitt seg mens dei to andre strever enda med dei mest vridne restane, hehe. Mor kan snyte seg for ørtande gong og legge seg under teppet igjen med god samvittigheit for kvelden. Endelig blei det Anemone sin tur å få deilig massasje med Monica på Ålesund Dyreklinikk!
Anemone har blitt 1 år og 7 mnd, 6,5 kilo og ei søt lita snuppe. Ho syntes det var litt vanskelig å roe seg ned til å begynne med for det er jo alltid så spennandes med alle luktene hos dyrlegen, men etter litt kjeks og "tvangs"-kosling blei det til at ho resignerte og la seg ned og nytte heile greia. Det er viktig at ho får gode assosiasjoner til både dyreklinikken og det å få massasje slik at ho klarer å slappe av. Vi starta og slutta med godbit og eg trur ho var ganske så fornøgd. Når ho måtte ligge ned så ville ho gjerne reise seg opp. Så her måtte det ekstra kos og nasesleikjer til for at ho skulle få fullt utbytte av massasjen. Ho fekk klapp, godsnakk og rolige stryk i pelsen under heile seansen. Monica skal bli massør og Anemone var så heldig som fekk lov å vere "prøvehund" for ho. Ally og Bonnie har tidligare vore her så dei har også. fått Alle tre hadde kjempegodt utbytte av det for Monica fann fort ut om der var nokre ømme punkt. Av og til får cavalierjenene i huset ei halv gulrot eller en eplebit å knaske på. Det kan vere sundt å knaske gulerøtter også for hunder. Det gir også herlig vomfyll hvis din kjære treng å passe vekta bittelitt. Her i huset går det meste ned på høgkant. Til og med ein halv klementinbåt er stas sjølv om den kan vere sur :P
Og alt bør ein gi i små mengder, ialle fall til å begynne med ;) Det dei IKKJE skal ha er:
Druer Rosiner Løk Avokado Sjokolade Fruktkjerner/plommesteiner Varmebehandla bein Rå poteter (kan gi magebetennelse) Sukkerfrie drops/Xylotol Kryddermat (sei seg sjølv) Valnøtter og makadamianøtter (kan skade nerver og muskler) Gjærbakst (gjærer alkohol i magen) Feit mat (kan gi bukspyttkjertelen overproduksjon) Melk (laktoseintolerante er dei fleste hunder og katter) Til slutt: legg merke til ordet «kan» og bruk sunn fornuft! Før vi deltok på stemne så laga eg godbiter til trioen. I slike høve at vi trener mykje så syns eg det er greit å ikkje berre kjøpe "junkfood". Det blir jo en del godteri desse dagane så da er det greit å vite kva en putter i dei.
Oppskrifta finn du på bildet og er utvikla av Emma i Hun Om Hund, min favoritt hundeekspert ;)
Hurra for Anemone og brødrene Tassen og Sofus! I dag er dei 1 år!
Her blei det kakefest og kaka forsvant på ein to tre ....tre glade cavalierer jafsa i seg ferskforpakke pynta med lys, jordbær og godbiter :) Ho vil tydelig ha gulrota si for seg sjølv...berre sjå det blikket... Unnskyld rotet :P |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
March 2024
Framheva sider:
|