VI har kosa oss på hytta i helga. Kvalpane har fått sosialisert seg med kvalpekjøpere og besøkande. Dei har også fått høyre mange nye lyder og opplevd mykje nytt.
0 Comments
Denne dagen for vi på hyttetur så portrettbilder får vente litt ;) Men her er litt bilder frå dagen: Først frå morgonen som starta så fint med blå himmel. Så kom Kuzco 11 år på besøk på ettermiddagen :) Ozzy skal bli Bergenser! Willy har blitt døypt Willie og skal til Rundereim ved Selje.
Elvis blir verande her i nabolaget vårt i Brattvåg :)))) "Quinn"-guten leiter fortsatt etter sin nye familie, men det ordner seg nok <3 Første turen i bil gjekk finfint. Dei sovna fort og syns det var kjempestas å få springe i høggraset der ute. Kristian saga og bråka men til slutt brydde dei seg ikkje om dei lydane heller og sov godt ute på altanen for første gong :)
Første tur ut for B-kullet!Vi har venta på litt sol dei siste dagane slik at kvalpane kan få kjenne graset og sjå sola for første gong <3 Endelig var det litt grei temperatur no på kvelden og dei kunne få snuse i hagen. Det var suksess kan man sei!!! :D :D :D KYSTCAVALIERENS BARK AT THE MOON "Ozzy" Han kom først ut med sitt skeive bliss og artige blikk på verda. Han snuser gjerne lenge på leiker og ting, men er gjerne den villaste i kosefanget. Han er flinkast til å ete tørrfor (oppbløytt sjølvsagt) og tok det på strak arm når det blei tilbydt. Han er ofte fremst i køa når ting skjer og liker å leike med Anemone. KYSTCAVALIERENS BORN TO LOVE YOU "Quinn" Han er minste guten for han har ete minst men godt. Han er den som ser ut som ei lita dokke, og er faktisk mest lik mor Ally. Quinn liker godt å gå for seg sjølv og tasle og er gjerne våken når dei andre søv og vice versa. Stille og rolig gut som alikevel ikkje sei nei til å leikesloss. KYSTCAVALIERENS BORN TO BE WILD "Willy" Willy kom så fort til verda at jordmor trudde det var ei jente :P Men her kom altså minste guten som blei stor på eit blunk... han var nemlig superproff foran tatten til mor! Han er lysast men fekk den etterlengta spotten på hodet. Derfor fekk han også "WILD" i navnet sitt pga at han er etter morfar Babbler's Wild Yoyo Man som ofte har gitt lyse kvalper. Willy er sterk og megakosete i fanget. KYSTCAVALIERENS BAYBY LETSPLAYHOUSE "Elvis"
Elvis kom sist ut og var største guten. Perfekt tegna og utrulig lik sin far Orlando. Det ser ut som dei får akkurat samme blikk. Han er den som "syng" oftast og er gjerne den som står fremst når ting skjer. Han er veldig kosete og blir heilt betatt av å slikke nasetupper ;) VI har allerede hatt besøk av kvalpekjøpere og VI ØNSKER BESØK av dei så ofte som oss alle sammen får det til!
Eg ønsker at dokke som får kvalp hos oss får følge kvalpen si utvikling, bli kjendt med den og få mest mulig informasjon frå oss. Sjølvsagt er det nokre som bur langt unda og då er denne bloggen fin å ha :) En oppdretters kvardag.... ;) Rekk ikkje tisse om morgenen for kvalpane kjem først! Rekk ikkje ete lunsj før til middag... Rekk ikkje nyheitene for her blei det kos <3 Rekk ikkje blogge (nesten) for her måtte det vaskast :P |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|