Det var sooo kos å få besøk av Elvis igjen! Han kjende meg att og peip og klemte og kosa og logra så hardt han berre kunne før han kasta seg over dei tre damene i huset og dei likeså over han :D Ally snusa og sleike sååå fornøgd på han mens Anemone syns han blei litt vel mykje no som han var blitt såpass stor. Bonnie syns han var superinteressang og dei gjorde nokre byks og leik mens dei snusa og snusa på kvarandre alle sammen. Det skal vere sagt at då han reiste så protesterte Ally med fleire bjeff resten av kvelden faktisk. Skal tru om ho hadde meir å fortelle han om livet... jaja vi fer nok fleire sjangser for han bur ikkje langt herifrå <3
0 Comments
Då er det på tide med ny vaksine og en liten helsesjekk.
Her er rabbagastane når dei var 8 veker:. Veit dei har det fantastisk fint der dei er men savne dei litt da :* Her er fleire bilde av dei om du vil sjå korleis dei har det. Lisje kosekroppen Quinnie som var her lengst og satte djupe spor i heimen med sitt herlige vesen. No reiste han heim til Molde med sin nye familie. Mor, far og "tante" Lizzie på snart 13 år tek i mot ein rolig gut som godt kan rusle for seg sjølv med sine egne tanker. Ein finare gut skal ein leite lenge etter <3 Lykke til Quinnie og familie <3
Vi var i nabolaget og besøkte Elvis som blei so glad han peip av glede, for dette var sååå artig syns han!
Quinn og Elvis leika og vart so viltre at vi måtte skille dei. Og jo plutselig fekk Quinn nok, han berre seig sammen i armane mine og gav oss faktisk ein støkk så trøtt som han blei. Heldigvis trengte han berre å sove pittelitt for etterpå var han heilt pigg igjen. Det tek på å bli så glad! Håper dei får muligheita til å treffes igjen ein annan gong og :) Så var det Elvis sin tur ut i den store vide verda, ....heldigvis for oss så ikkje så veldig stor ;) Han blir nemlig i nabolaget her så han får vi treffe igjen <3
Lykke til med nye far og mor, vi stikk innom deg i løpet av veka ;) Prøvde å få til eit samlebilde.....jaja...
Alle er solgte for dei som lurer på det ;) Ozzy reiser først på søndag... og så reiser Willie litt seinare på dagen. Skal tru korleis det blir for mor? Eg trur ho vil ta det ganske rolig. Dei begynner å bli store no og klare for verda der ute. Mor Ally gjer sitt beste med å gi dei små korte tuttesuper i ny og ne men det er tydelig at ho gjerne vil sleppe det no. Artig å følge med på språket når dei skal avvennast. No et dei puppy RC og det går med over 50 gram per snute pr dag fordelt på 4 måltid. Vekta har gått flott oppover og alle veks og trivst. Gutta boyz har blitt store og då måtte vi ha ei ny runde med bordtrening ;)
På torsdag skal vi til dyrlegen og få vaksine, chip og helseattest før vi dreg ut i den store verda ein etter ein... VI har kosa oss på hytta i helga. Kvalpane har fått sosialisert seg med kvalpekjøpere og besøkande. Dei har også fått høyre mange nye lyder og opplevd mykje nytt. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
September 2023
Framheva sider:
|